Laurdag køyrde Lars Løstegård frå Gol inn til fyrsteplass i juniorklassa i Landskamp.no sitt bilcrossløp på Momarken.
Laurdag køyrde Lars Løstegård frå Gol inn til fyrsteplass i juniorklassa i Landskamp.no sitt bilcrossløp på Momarken. Foto: Egil Blomsø

Løstegård beste junior

Lars Løstegård frå Gol fekk betalt for strevet under helgas bilcrossløp på Momarken.

Laurdag køyrde bilcross-føraren inn til fyrsteplass i juniorklassa i det som er eit av Norges største bilcrossløp. Kring 200 førarar stilte til start i årets Landskamp på Momarken Bilbane. Den unge golingen har også vist lovande tendensar på rallycrossbanen så langt denne sesongen. Sist helg køyrde han inn til andreplass i Norgescupen for juniorar på Melhus.