Legendarisk siger til Golberg

Pål Golberg var suveren i sundagens avslutningsrenn i Ski Tour i Trondheim.

Pål Golberg har banka inn det eine gode løpet etter det andre i Ski Tour 2020. Og med ein andreplass i laurdagens sprint i Trondheim var han også på skothald til å utfordre russiske Aleksandr Bolsjunov om samanlagtsiger.

Les også
Nok ein kjempeprestasjon

Norsk dominans

Då sundagens jaktstart gjekk i gang vart det tidleg klart at det russiske smøreteamet ikkje hadde greidd å omstille seg til trøndersk snøvêr. Det hadde derimot det norske. Golberg var også i storform, og drog tidleg ifrå, før han heldt stand åleine i drygt 30 kilometer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tett i tet følgde Hegstad Krüger, Holund, Iversen, Nyenget og Klæbo — men dei hadde lite å stille opp med i kampen mot Golberg. Aleksandr Bolsjunov vart dermed fullstendig parkert — ikkje berre av Golberg, men også av fem andre nordmenn.

Pål Golberg jublar etter siger under herrenes avslutningsrenn i Ski Tour i Trondheim sundag.

«Dette betyr alt»

Med seks gode etappar bak seg, gjekk Golberg jublande over målstreken vel vitande om at han akkurat hadde levert sin så langt største prestasjon i langrennssporet.

– Dette betyr alt, sa ein tydeleg rørt pappa Gabriel Johannessen til NRK då sigeren var i hamn.

Pål Golberg (i midten) vann Ski Tour 2020 føre Simen Hegstad Krüger (t.v.) og Hans Christer Holund under i Granåsen i Trondheim sundag.

Ordknapp Golberg

Også Ski Tour-vinnaren sjølv var tydeleg rørt, og relativt ordknapp, i møte med NRK sin reporter få minutt etter målgang.

– Eg såg bort på skia til Bolsjunov etter start og tenkte at det var kjedeleg at det skulle avgjerast slik. Men det er utandørsidrett me driv med. Me tok eit val om å bytte til rubbski i dag, og det vart altså avgjerande. Så det er klart - det gjev ein bitteliten bismak. Men eg er veldig glad for dette her, sa Golberg.

– Det er jo fantastisk. Eg var redd løpet på torsdag hadde øydelagd moglegheita. Men eg hadde ein veldig bra dag i dag. Og eg trur eg, uansett vêr, ski og føre, hadde litt meir på lager i dag.

– Det er gulrota i satsinga å kunne oppnå slike resultat. Det er ikkje alle forunt. Men i dag greidde eg det altså. Det er vanskeleg å sette ord på akkurat korleis det kjennest, sa Golberg på spørsmål om kva Ski Tour-sigeren betyr for langrennskarriera.

Aleksandr Bolsjunov fekk full stopp på skia. Pål Golberg tok att russaren tidleg i løpet, før han heldt resten av ulveflokken på god avstand gjennom heile løpet.

Hallingdølen oppdaterer saka.