Langrenn: Ut i semifinalen

Gol-løparane Emil Intelhus Brøto og Emilie Fleten var dei beste lokale løparane under sprinten i norgescupen i langrenn i Harstad fredag.

Fleten vart nummer elleve i prologen og gjekk i det første kvartfinaleheatet. Her vart ho nummer tre, men gjekk vidare til semifinalen på tid. I det andre semifinaleheatet vart ho nummer fire og rauk ut. Brøto frå Gol og Team Hallingdal gjekk ein sterk prolog der han var nummer 14. I kvartfinalen rauk han ut. Team Hallingdal har i år fått løparar utanfor Hallingdal inn i laget. Ein av desse, Simen Bratberg Ramstad, gjekk vidare til semifinalen på den klassiske sprinten, men rauk ut. Laurdag held norgescupen fram med 10/15 kilometer klassisk mens det sundag er 20/30 kilometer skøyting.