Emilie Fleten var beste halling under helgas Norgescup i langrenn i Nes.
Emilie Fleten var beste halling under helgas Norgescup i langrenn i Nes.

Langrenn norgescup: Fleten beste halling

Emilie Fleten vart beste halling under helgas norgescup i Nes i Akershus.

langrenn: Emilie Fleten var klart beste halling under helgas norgescup i langrenn i Nes i Akershus. Fleten starta helga med ein fjerdeplass på fredagens sprintdistanse. Silje Øyre Slind tok fyrsteplassen, føre Magni Smedås på andre- og Tiril Liverud Knudsen på tredjeplass.

Fleten på pallen

Laurdag klatra Fleten eit hakk på resultatlista og sikra seg pallplass på fem kilometer klassisk. Marte Mæhlum Johansen tok fyrsteplassen med tida 14.47. Drygt seks sekund etter gjekk Magni Smedås inn til andreplass. Fleten enda på tredjeplass med tida 14.57. Sundag følgde Fleten same trenden med nok ein tredjeplass på ti kilometer fri, med tida 28.01. Magni Smedås tok fyrsteplassen med tida 26.57, drygt 36 sekund føre Maren Wangensteen på andreplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

18.-plass beste på herresida

På herresida var Emil Intelhus Brøto helgas beste sprintløparar frå Hallingdal. Fredag gjekk Brøto inn til 16.-plass på prologen, før han rauk ut i kvartfinale – i likskap med resten av hallingane. Håvard Solås Taugbøl tok fyrsteplassen, føre Even Northug på andre- og Gjøran Holstad Tefre på tredjeplass. På laurdagens ti kilometer klassisk enda Brøto på 24.-plass, eit minutt og 22 sekund bak Magnus Stensås på fyrsteplass. Sindre Grønflaten tok andreplassen føre Johan Hoel på tredjeplass. Trym Halbjørhus Fikke vart beste halling under sundagens 15 kilometer. Han gjekk inn til 18.-plass, drygt halvtanna sekund bak Sindre Grønflaten på fyrsteplass. Simen Andreas Sveen tok andreplassen, føre Håvard Solås Taugbøl på tredjeplass.

Andre resultat

Elles plasserte hallingane seg slik:

Kvinner, sprint:

47. Gunn-Karoline Høgset, Ål IL

Herrar, sprint:

25. Trym Halbjørhus Fikke, Hemsedal IL

26. Emil Intelhus Brøto, Gol IL

34. Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL

Artikkelen held fram under annonsen.

86. Knut Skrindo, Gol IL

94. Tor-Magnus Mundal Skredegård, Gol IL

Herrar, 10 kilometer klassisk:

24. Emil Intelhus Brøto, Gol IL, 0:26:56,3

32. Trym Halbjørhus Fikke, Hemsedal IL, 0:27:06,4

40. Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL, 0:27:19,9

73. Knut Skrindo, Gol IL, 0:28:07,6

125. Tor-Magnus Mundal Skredegård, Gol IL, 0:29:35,9

Artikkelen held fram under annonsen.

Herrar, 15 kilometer fri teknikk:

18. Trym Halbjørhus Fikke, Hemsedal IL, 0:36:42,4

30. Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL, 0:37:14,6

40. Knut Skrindo, Gol IL, 0:37:30,1

82. Tor-Magnus Mundal Skredegård, Gol IL, 0:39:01,8