Tore Bøygard frå Ål.
Tore Bøygard frå Ål.

– Kva skal ein seie? Det er jævla skuffande

Arrangørane er skuffa over at toppløparane droppar helgas NM på Liatoppen.

Fredag ettermiddag vart det klart at korkje Johannes Thingnes Bø eller Tiril Eckhoff blir å sjå i løypa på Liatoppen i helga. Det betyr at dei største profilane ikkje stiller til start under sprinten og fellesstarten i helga.

Etter ynskje frå landslaga

Dette reagerer leiar i organisasjonskomiteen for NM på Liatoppen, Tore Bøygard, sterkt på. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva skal ein seie? For det fyrste er det jævla skuffande. Det var landslaga som i si tid hadde ynskje om å leggje NM til denne helga, fordi det var opphald i verdscupen. Me hadde ein avtale med landslaget og skiskyttarforbundet om at dei skulle stille med alle utøvarane, seier Tore Bøygard. 

Prioriterer verdscup 

Årsaka til at Thingnes Bø trekkjer seg er at han ynskjer å prioritere verdscupen. 

– Han kjempar om verdscupsiger totalt, og med sitt tynne treningsgrunnlag denne vinteren er han nøydd til å få nokre gode periodar med trening. Dette er einaste perioden det er mogleg, skriv Norges Skiskyttarforbund i ei pressemelding. 

Fredag ettermiddag vart det klart at Tiril Eckhoff droppar NM på Liatoppen.
Fredag ettermiddag vart det klart at Tiril Eckhoff droppar NM på Liatoppen.
Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival. Eliteløparane var på plass og tok i mot løparane i målområdet og skreiv autografar. Her er det Johannes Thingnes Bø som signerer ei trøye.
Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival. Eliteløparane var på plass og tok i mot løparane i målområdet og skreiv autografar. Her er det Johannes Thingnes Bø som signerer ei trøye.
NM i skiskyting går av stabelen på Liatoppen i helga.
NM i skiskyting går av stabelen på Liatoppen i helga.

Ifølgje same pressemelding har Thingnes Bø måtta ta ein roleg periode etter fire veker med hardkøyr i desember. 

– Eg skulle aller helst ha vore på NM og støtta opp om NM-arrangøren i Ål, men verdscup totalt er såpass viktig at prioriteringa måtte bli slik denne gongen. Eg stiller sterkt på NM del to. Der skal eg gå alle renna, seier han. 

Landslagstrenar Egil Kristiansen er samd i avgjerda til stryningen.

– Johannes er i ei særstilling. Ikkje berre leiar han verdscupen, men at han leiar den med sitt syltynne treningsgrunnlag inn mot sesongen er nesten ikkje til å tru, seier Kristiansen til NRK.

– Det kunne kanskje gått bra å gå NM, men det hadde samstundes vore ein dag mindre ro. Johannes har behov for ein periode med rolege treningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Bør gå i seg sjølv»

Like etter at dette vart kjent, om lag time etter at Hallingdølen møtte Tiril Eckhoff på Liatoppen, kom meldinga om at også ho droppar NM. Eckhoff seier til NRK at ho ikkje har fått trent godt nok i jula. Difor vil ho heller prioritere trening framfor konkurranse. Eckhoff håpar å vera klar til verdscupen i Oberhof neste helg.

At to av dei beste løparane har valt å trekke seg, er dårleg nytt for NM-arrangøren. Dei er skuffa.

– Ein må sjølvsagt respektere at løparar står over renn viss det handlar om sjukdom. Men viss det handlar om at dei ikkje vil gå, eller meiner dei har trent for lite – så er det ein arrogant haldning over for arrangøren. Me må berre respektere dette over for løparane. Det er landslagsleiinga som har bede om dette arrangementet, så det er dei som bør gå i seg sjølv no, seier Bøygard.