Jan Eirik «Jansen» Thorberg og HFK gjekk på tap på bortebane.
Jan Eirik «Jansen» Thorberg og HFK gjekk på tap på bortebane.

Knipent bortetap for HFK

HFK-spelarane hadde eit håp om å revansjere fjorårets sure 2-1-tap mot Jevnaker. I staden måtte dei reise heim etter nok ein nedtur på bortegraset.

HFK fekk riktignok ein veldig god start på oppgjeret. Ikkje lenge etter at dommaren hadde blåst for avspark fann Magnus Bækken makker Nils Olav Smestad framfor mål, 1-0 til HFK. 

Men så snudde det. Først sørga heimelaget for utlikning på frispark, like etterpå gjekk dei opp i leiinga etter eit sjølvmål frå HFK. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Spelet bølga att og fram ei stund, mot slutten av første omgang skapte HFK fleire gode sjansar. I motsett ende måtte keeper Joakim Skaret plukke fram ei god redning før kvilen, og laga gjekk til pause på stillinga 2-1. 

I andre omgang var det Jevnaker sin tur til å score sjølvmål, som sørga for HFK-utlikning til 2-2. Etter denne scoringa skapte hallingane fleire sjansar, utan å få nettkjenning. 

Så, ikkje lenge før slutt, gjekk ein Jevnaker-spelar i bakken inne i HFK-boksen. Dommaren peika på krittet, og i duell mot Skaret i HFK-målet sette Jevnaker inn matchvinnarscoringa. Kampen enda i eit surt 3-2-tap for HFK.