annonse

Klare for nye renn i Europa

Nye utfordringar
Nye utfordringar: Aleksander Fjeld Andersen og Vetle Sjåstad Christiansen, her under trening på Geilo, skal gå renn i Polen og Tyskland. (Foto: Arkiv)

Norges skiskyttarforbund har teke ut 12 løparar til verdscuprenna i Oberhof denne veka.

Mona N. Stensvold

Alle dei seks herreløparane er på elitelaget, og Vetle Sjåstad Christiansen får ein ny sjanse til å vise seg fram etter pallplassen i verdscupen før jul.

I tillegg har dei teke ut løparar til IBU-cup i Duszniki i Polen til helga og i Arber i Tyskland helga etter. Begge helgane er Aleksander Fjeld Andersen i troppen. Geilingen viste seg fram under NM på Liatoppen i helga, og kjempa om medaljar i begge øvingane.

Uttak verdscup:

Menn: Lars Helge Birkeland, Birkenes IL, Erlend Øvereng, Bjøntegaard IL Beveren, Johannes Thingnes Bø, Markane IL, Tarjei Bø, Markane IL, Vetle Sjåstad Christiansen, Geilo IL, Henrik L`Abée-Lund, Oslo Skiskytterlag

Uttak IBU-cup:

n Duszniki, Polen: Aleksander Fjeld Andersen, Geilo IL, Sivert Guttorm Bakken, Vingrom IL, Johannes Dale, Fet skiklubb, Fredrik Gjesbakk, Bossmo & Ytteren IL, Tore Leren, Vingelen IL, Sindre Pettersen, Nittedal ssl

n Arber, Tyskland: Menn: Aleksander Fjeld, AndersenGeilo IL, Håvard Gutubø Bogetveit, Førde IL, Johannes Dale, Fet skiklubb, Fredrik Gjesbakk, Bossmo & Ytteren IL, Tore Leren, Vingelen IL, Sindre Pettersen, Nittedal ssl

annonse