Marthe Botten vart kåra til HFKs bste mot Kolbotn 2.
Marthe Botten vart kåra til HFKs bste mot Kolbotn 2. Foto: Egil Blomsø

Kjempa godt i heimetap

HFK kjempa godt, men måtte gi tapt mot Kolbotn 2.

HFK møtte andrelaget til toppserielaget Kolbotn på Hallingmo sundag ettermiddag.

HFK kom godt i gang og drog skikkeleg til i duellane og skapte fleire gode sjansar. Det betalte seg då Kristine Hille-Bekkestad scora berre etter ti minutt. Eit frispark vart løfta inn og Bekkestad nikka ballen i mål. Og lenge heldt HFK stand mot Kolbotn. Men dei siste 10–15 minutta av omgangen dabba intensiteten av. Det kosta. Med i underkant av ti minutt att av omgangen utlikna Kolbotn på eit langskot frå 20–25 meter. HFK opna godt også etter pause. Men med ein halv omgang att å spele, scora Kolbotn. Eit innlegg gjekk i tverrliggaren og HFK fekk ikkje ballen unna. Men laget gav ikkje opp og pressa på i jakta på utlikning. Like før slutt var det nære på, men i staden for utlikning, la Kolbotn på til 3–1 like før slutt. Marthe Botten vart kåra til lagets beste spelar.