Vetle Sjåstad Christiansen vart nummer 31 på sprinten i VM. - I dag var eg ikkje betre, sa han.
Vetle Sjåstad Christiansen vart nummer 31 på sprinten i VM. - I dag var eg ikkje betre, sa han.

- I dag var eg ikkje betre

Vetle Sjåstad Christiansen vart nummer 31 på VM-sprinten Østersund.

Geilo-løparen, som avgjorde mix-stafetten og tok gull torsdag, hadde ein moderat dag på sprinten laurdag ettermiddag.

– Medium både på standplass og i løypa, sa Christiansen til NRK etter rennet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tungt

Christiansen skaut ein bom på liggande og ståande.

Laurdag var heller ikkje farten i løypa så høg som han hadde mål om, og han hamna tidleg bakpå. Det viste også tida på første passering.

– Eg prøvde frå start, men fekk negative sekunderingar. Då vart det tøft å hevde seg, sa Christiansen.

I sprint-debuten i VM vart han nummer 31.

– I dag var eg ikkje betre, konstaterte Christiansen.

Gull

Men det vart ein stor norsk dag i Østersund likevel.

Johannes Thingnes Bø vann føre russiske Aleksander Loginov og franske Quentin Fillot Maillet. Sundag er det jaktstart. Då må Christiansen truleg gå sitt livs løp og skyte 20 treff for å nærme seg medaljekampen. Dit er det langt, men Christiansen har vist tidlegare i sesongen at han kan gå seg stort opp i jaktstartar.