annonse

Ho vann norgescupen i langrenn

Siger
Siger: Emilie Fleten vann norgescupen samanlagt. (Foto: Arkiv)

Emilie Fleten vann norgescupen. I juniorklassane var to løparar frå Hallingdal blant dei seks beste.

Magnus Lindahl

I tillegg til samanlagtplasseringane gjekk i tillegg fleire løparar gode enkeltrenn med topplasseringar.

Breidda blant senior- og juniorløparane er ikkje stor, men skiløparane har totalt sett prestert jamt over betre i fleire klassar enn på nokre sesongar.

I toppen

Gol-løpar Fleten vann seniorklassen samanlagt med 602 poeng.

Av 17 konkurransar i norgescupen gjekk Fleten 14. Ho vann føre Kathrine Rolsted Harsem og Silje Øyre Slind. I norgescupen for junior vart det arrangert ti renn. Høgast på samanlagtlista av hallingane kom Marte Mikkelsplass frå Bromma med ein femteplass i K17. Framgangen frå i fjor til i år har vore markant, og ho har hevda seg jamt blant dei beste. Ingrid Røe Gullingsrud (Bromma) vart nummer 21 i same klasse.

Avslutta sterkt

Blant juniorane på gutesida er det Kasper Herland frå Hemsedal som har hevda seg best.

I norgescupen vart han nummer seks samanlagt, og han avslutta sesongen sterkt med sjetteplass på 15 kilometer klassisk i norgescupfinalen på Lygna forrige helg. Då gjekk også Bjørnar Stensrud Tyribakken (Bromma) sitt beste renn for sesongen då han vart nummer fire i eldste klasse, berre 5,5 sekund frå pallen. Rennet var ein del av senior-NM og totalt vart han nummer 29. Tyribakken vart nummer 14 samanlagt i norgescupen. Klubbkamerat Kristen Mikkelsplass vart nummer 17 samanlagt.

annonse