Synne Mæland-Herheim fekk med seg vandrepokal frå Kvalfossprinten i helga.
Synne Mæland-Herheim fekk med seg vandrepokal frå Kvalfossprinten i helga.

Ho vann Kvalfossprinten

Fleire hallingar hevda seg godt under stormønstringa Kvalfossprinten i helga.

Fleire hundre skiskyttartalent frå heile Norge var samla til renn i Holmenkollen i helga.

Av dei var det fleire hallingar som sikra topplasseringar. Synne Mæland Herheim (Geilo) var på pallen i 16-årsklassen begge dagar. Laurdag vart ho nummer tre, 3,9 sekund etter vinnaren. Sundag tok ho steget øvst på pallen. Med det sikra ho samanlagtsiger og vandrepokal i den eldste jenteklassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

I G13 vart Leo Skjellaug Gundersen nummer tre begge dagane. I alle klassar var det tøff konkurranse, og fleire andre hallingar var blant dei ti beste begge dagar.

Topp ti-resultat frå Kvalfossprinten:

Laurdag:

G13: 3. Leo Skjellaug Gundersen, Geilo IL, 2:09,9 (1–2)

J13: 6. Guro Molde Lappegard, Ål Skiskyttarlag, 13:44 (1–0)

J15:10. Tonje Tveito, Ål Skiskyttarlag, 16:14,0 (0–0)

J16:3. Synne Mæland Herheim, Geilo IL 15:01,7 (2-1), 7. Ida Molde Lappegard, Ål Skiskyttarlag, 15:40,6 (1–0)

G15: 4. Narve Kverndal Veslegard, Ål Skiskyttarlag (0-1), 7. Sondre Aputsiaq Rein Slettemark, Geilo IL 17:26,5 (0–1)

Sundag:

Artikkelen held fram under annonsen.

G13: 8. Erik Espeli, Geilo IL 15:17 (1–2)

G14: 3. Leo Skjellaug Gundersen, Geilo IL 15:46 (2–1)

J13: 4. Ane Torsgard, Ål Skiskyttarlag, 17:52 (1-0), 7 Guro Molde Lappegard, Ål Skiskyttarlag 19:06 (3–1)

J16: 1. Synne Mæland Herheim, Geilo IL 20:33,6 (3-1), 4. Anna Espeli, Geilo IL 21:32,5 (1-2), 5. Ida Molde Lappegard, Ål Skiskyttarlag 21:35,0 (0–1)

G15: 5. Narve Kverndal Veslegard, Ål Skiskyttarlag 24:44,3 (1–1)