annonse

Ho imponerte i storslalåm

I form
I form: Kristiane Bekkestad har vist imponerande storslalåmform i dei siste renna før påske. (Foto: Jan Langhaug)

Kristiane Bekkestad har for alvor fått betalt for storslalåmtreninga ho har hatt i vinter, med fleire pallplassar på tampen av sesongen.

Mona N. Stensvold

Ålingsjenta er inne i sin fyrste sesong for europacuplaget til Skiforbundet.

Denne veka stilte ho i den svenske meisterskapen i storslalåm, som var utsett frå tidlegare i vår. Dei beste svenske løparane deltok i rennet, som gjekk i Sälen tysdag.

Bekkestad låg som nummer sju etter fyrste omgang. Men i andre omgang leverte ho tredje beste omgangstid. Dermed klatra ho til femteplass, 2,55 sekund etter vinnaren Sara Rask. Tidlegare i vinter vart Bekkestad nummer to i slalåmrennet i den same meisterskapen. Dagen etter vart ho nummer tre i eit FIS-renn same stad.

God i Hafjell

Torsdag og fredag køyrde ho FIS-renn i Hafjell, også det i storslalåm.

Torsdag vart ho nummer tre, og fredag var ho i posisjon til å kjempe om sigeren halvvegs i rennet. Då låg ho på andreplass etter fyrste omgang, berre tre hundredelar etter teten. Etter ein god andreomgang kom ho i mål til same tid som Maren Skjøld, og dei to delte andreplassen bak Kaja Norbye.

– Eg bestemte meg for å bruke tid på det i år for å få det til. Det er jo lett at om ein ikkje får til noko, så gir ein opp. Men plutseleg løyser ein koda, og då er alt verdt det. Det er så gøy, sa Bekkestad under NM i Hemsedal i slutten av mars.

Hevda seg

I det same FIS-rennet var det fleire hemsedalsløparar på startstreken i herreklassen.

Gustav Rosberg Vøllo låg best an på ein niandeplass etter fyrsteomgang. Han vart til slutt nummer 11, etter ein noko svakare andreomgang. E-cupkøyrar Bjørn Brudevoll vart nummer 21. Han køyrde seg opp fem plassar med fjortande beste omgangstid i andreomgang. Mikkel Kirkebøen vart nummer 60.

annonse