Johannes Dokken Kleppo scora for HFK.
Johannes Dokken Kleppo scora for HFK. Foto: Elias Dahlen

HFK sikra eitt poeng

HFK redda eitt poeng heime mot Jevnaker.

Laga spelte 2–2 på Hallingmo torsdag kveld.

Johannes Dokken Kleppo gav HFK leiinga etter 28 minutt. Fem minutt før pause utlikna Jevnaker. HFK kom dårleg i gang i andre omgang, og berre ni minutt ut i omgangen scora Jevnaker igjen. I ein jamn kamp køyrde HFK på for ei utlikning. Men kampen kunne vippa begge vegar, for både HFK og Jevnaker hadde store sjansar. Men tre minutt før ordinær tid kom utlikninga ved Håvard Gåsterud.

Det sikra eitt poeng. Laget ligg no på åttandeplass og midt på tabellen i 4. divisjon. Ein plassering blant dei tre beste er utelukka. Opp til Drammens BK på tredjeplass er det 17 poeng. Men Jevnaker på fjerdeplass har 29 poeng og dit er det berre seks poeng. Men ein god haustsesong kan Jansens menn redde det som før sommaren såg ut til å bli ein av dei svakaste sesongane for herrelaget på mange år. Men etter sommarpausen har poengfangsten vore god. I neste kamp ventar ein ny jamn kamp når Svelvik kjem til Hallingmo.

1-0: 28 Johannes Dokken Kleppo

1-1: 40 Aleksander Tveter

1-2: 54 Marius Opsahl

2-2: 87 Håvard Gåsterud