HFK og trenar Jan-Eirik Thorberg tapte mot Steinberg laurdag.
HFK og trenar Jan-Eirik Thorberg tapte mot Steinberg laurdag.

HFK rauk på bortetap

HFK opna serien med målfest forrige helg, men borte mot Konnerud fredag var festen tidleg over.

Då HFK opna serien forrige laurdag, fekk Steinberg rett og slett juling på Hallingmo. Jansens gutter gav seg ikkje før dei hadde sett 13 ballar i nettet, og det vart ein roleg dag på jobben for keeperane Joakim Skaret og Johnas Ulshagen Jorde. 

Fredag reiste HFK til sesongen første kamp på bortegras, mot Konnerud. Ein tøffare motstander enn Steinberg, og det fekk hallingane tidleg merke. Kampen var ikkje gamal då Skaret i HFK-målet gjorde ei god redning, men Konnerud var først på returen. 1-0. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Før dommaren sendte laga ut til pause, hadde heimelaget lagt på til både 2-0 og 3-0. 

Etter kvilen fekk Konnerud endå eit mål, men før slut fekk HFK eit trøstemål. Eirik Thorberg var sist på ballen som fastsette sluttresultatet til 4-1. HFK står dermed med tre poeng etter at sesongens to første kampar er spelt.