Magnus Magnetun Bækken var involvert i mykje i seriestarten.
Magnus Magnetun Bækken var involvert i mykje i seriestarten.

HFK med målfest i serieopninga

HFK var budd på tøff motstand i fyrste seriekamp mot Steinberg.

Fotball: Fjerdedivisjonslaget til Hallingdal FK serieopna heime mot Steinberg laurdag.

På førehand var meldingane at gjestane hadde fleire nye spelarar, og HFK var budd på tøff motstand. Det vart det ikkje. Men heimelaget sleit likevel med å omsetje sjansane sine i starten av kampen, trass i overlegent ballinnehav og flest sjansar. Men då det losna, losna det for alvor. Etter 20 minutt fekk Johannes Dokken Kleppo ballen åleine på bakre stolpe og sette enkelt inn 1-0. I løpet av fire og eit halvt minutt sette han inn både 2–0 og 3–0 for heimelaget. Etter det skapte HFK mykje framover på banen. Magnus Magnetun Bækken var involvert i mykje denne dagen. Etter knappe halvtimen vart han felt av steinbergkeeperen, og dommaren peikte på straffemerket. Simen Renslo sette den sikkert. Fem minutt seinare heada Bekken inn sitt fyrste mål for dagen, og sytte for solide 5–0 til pause.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målfest

Gjestane frå Steinberg hadde ein tung dag på Hallingmo.

I andre omgang var det berre eitt lag på banen. Tobias Grangård la på til 6–0 etter ein corner sju minutt ut i omgangen. Så sette Bækken inn 7–0 og 8–0 før kvarteret var gått.

Etter kvart vart det mykje å notere i målprotokollen, og heile sju spelarar noterte seg på scoringslista. Magnus Magnetun Bækken stoppa på fire mål totalt, og både Eirik Thorberg og Samuel Mhreteab Ghdey scora sine fyrste a-lagsmål i denne kampen. Då dommaren bles av stod det heile 13–0 til HFK.

Tøffare motstand

Magnus Magnetun Bækken var dagens beste HFK-spelar, men kaptein Simen Renslo hadde også ein god kamp.

HFK fekk ein god start på sesongen, men er budd på tøffare motstand framover. Alt fredag tek dei turen til Konnerud.

– Neste kamp er borte mot Konnerud på fredag, det blir et knalltøft oppgjer mot et lag som er ganske likt vårt, skriv a-lagstrenar Jan Eirik «Jansen» Thorberg.

Hallingdal FK- Steinberg: 13–0 (5–0)

Mål for HFK:

Magnus Magnetun Bækken (4)

Johannes Dokken Kleppo (3)

Eirik Thorberg (2)

Simen Renslo (str.)

Tobias Grangård

Birk Bjerkrheim

Samuel Mhreteab Ghdey