HFK-kaptein Simen Renslo fortvilar over at seniorane i klubben framleis ikkje får trene som normalt.

HFK-kapteinen med bøn til myndigheitene: – Berre la oss få trene som normalt

Fleire av spelarane på HFKs seniorlag er fortvila. Seniorane får framleis ikkje trene med nærkontakt. No er kapteinen på herrelaget uroa for konsekvensane av ein heil sesong utan kampar.

Fotball: – Når regjeringa har sagt det ikkje blir ny vurdering før 1. september, så går jo tida. Då er me fort i midten av oktober før det blir kampar, og då ryk serien i år, seier Simen Renslo alvorleg.

I lag med fleire av lagkameratane er han uroa for konsekvensane av at breiddefotballen ikkje får trene med nærkontakt eller spele kampar. Denne veka kom vedtaket om å opne opp for kampar for spelarar under 19 år frå 1. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Jubel for fotballopning: - Me gler oss til kampar

Men frå 20 år og oppover er det framleis restriksjonar. Det råkar a-laga til Hallingdal FK hardt. Korkje damelaget i andredivisjon eller herrane i fjerdedivisjon har hatt vanlege treningar på fleire månader. Og seriestarten er utsett på ubestemt tid.

– Eg forstår grunngjevinga om at det blir mykje reising og mykje folk samla om ein opnar opp for kampar og full serie. Men eg forstår ikkje kvifor me ikkje kan trene med nærkontakt, når det er så mykje anna som har vorte lov. Me er ei avgrensa gruppe og det er dei same som trener saman kvar gong, seier han.

Veit om regelbrot

Han fortel om frustrasjon i spelargruppa og ei kjensle av å ikkje bli teken på alvor.

Denne veka brukte Simen Renslo tida på å vere trenarfor mellom andre Wilhelm Dypedokk på fotballskolen. Helst skulle han trent for seriespel. (Foto: Mona N. Stensvold)

– Eg prata med nokon seinast denne veka som hadde vore og spelt løkkefotball for moro i Oslo. Det er frustrerande å høyre om når me bur her oppe og prøver å vere seriøse og halde oss til reglane. Eg er redd for at fleire lag kan begynne å opne og trene utan retningsliner fordi tolmodet snart er slutt for mange, seier han.

Renslo meiner det er mindre risiko om dei får trene etter ein smitterettleiar frå myndigheitene.

– Det er betre om dei kjem med reglar og eit system for korleis me skal organisere det enn at folk finn på eigne løysingar. Eg veit at det er lag som ikkje har halde seg til desse reglane, og som ville hatt fortrinn om me hadde begynt rett på med kampar no. Det er ikkje greitt.

Han seier spelarane forstår at det er risiko knytt til å sleppe opp på retningslinene.

- Men det kjennest veldig urettferdig når me ser folk som er på byen og som sit og står tett, og når det er lov å reise mykje meir.

Artikkelen held fram under annonsen.

Manglande forståing

Sidan april har seniorlaga trent fotball utan nærkontakt. Juniorane fekk klarsignal for vanlege treningsøkter tidleg i juni. Frå august kan dei under 20 år også spele kampar.

– Men seniortreningane er som å spele fotball med bremsene på. Det kan fort gå utover motivasjonen til spelarane, og me ser også i klubben at folk har slutta. Det verkar som dei som bestemmer ikkje forstår ringverknadene av at me ikkje får trene som normalt. Breiddefotballen involverer og påverkar kvardagen til veldig mange i Norge.

HFK-kaptein Simen Renslo i ein seriekamp fjor. (Foto: Elias Dahlen)

Han meiner breiddefotballen har stor betydning for heile lokalsamfunnet.

– For mange er fotballtreningane den einaste møteplassen på fritida. Når det ikkje er moro lenger gir dei seg utan å ha eit alternativ. Det er negativt både for folkehelsa og den psykiske helsa til folk, seier Renslo.

– Og for dei ungdommane i klubben som vil satse er det heilt krise å miste ein heil sesong med trening og matching. Det er ikkje det same å spele på eit juniorlag.

– Eg har hatt mange gode stunder på Hallingmo, og gler meg til me kan spele kampar der igjen, seier HFK-kapteinen. Her frå cupkamp mot Hønefoss i 2015. (Foto: Mona N. Stensvold)

– Har du tru på at det blir kampar i haust i det heile?

– Eg veit ikkje. Om det ikkje blir vurdert før september så er eg usikker. Eg håpar at presset som no kjem frå ulike retningar kan gjere at dei ser på treningsmoglegheitene før den tid. Så får me sjå kva det blir av kampar. Om det berre blir treningskampar eller turneringsspel med nokre få lag, så hadde det også vore ei løysing når situasjonen er som den er.

Les også
Korleis er framtida for barneidretten?
Les også
Idrettslaget vil ha ungar og føresette på banen
Les også
Idrettslag ropar varsku: - Fryktar alvorlege følger for barneidretten