Guri Sollien Hulbak vann klassen sin på Lillehammer i helga.
Guri Sollien Hulbak vann klassen sin på Lillehammer i helga.

Hevda seg godt i skimaraton

Fleire hallingar gjorde det bra i langløpa Lillehammer Troll Skimarathon i helga.

Kjetil André Bjerkrheim vart nummer to i klassen 21–30 år, etter sekundstrid om sigeren. Etter 45 kilometer skilde det berre tre sekund mellom Bjerkrheim og vinnar Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen.

Lagvenninne frå Team Hallingdal, Guri Sollien Hulbak, vann distansen i klasse 17–20 år. Ho hadde over

Artikkelen held fram under annonsen.

18 minutt ned til neste jente.

I klassen for 95 km vart hemsedølen Ole Sollien Hulbak nummer fire totalt, og tok tredjeplassen i klasse 21–30 år. I mål var han fire og eit halvt minutt etter Emil Nyeng som vann rennet.

Sigurd Sollien Hulbak (Hemsedal/Team Synnfjell) tok også ein fjerdeplass. Han gjekk den lengste varianten, på 120 kilometer. I mål var han dryge halvtimen etter vinnar Vegard Vinje frå Lyn Ski/Moseteråsen.

Kjetil André Bjerkrheim vart nummer to på Lillehammer.
Kjetil André Bjerkrheim vart nummer to på Lillehammer.