Leonie Moraal og Jeske Hagenaars fekk tips om turen på turiskontoret.
Leonie Moraal og Jeske Hagenaars fekk tips om turen på turiskontoret.

Her får du sug i magen

Er klippen under Hydalshjallen Hemsedals svar på Trolltunga?

Hausten har tyna fram gule, oransje og raude fargar i busker og tre.

– Det er ein veldig enkel tur. Og utsikta er heilt enorm, smiler Ola Björnström.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stigen slyngar seg i lyngen. I ryggen har me Vavatn.

Han har vore der fleire gonger, både på jobb og med familie og vener.

– Dette er ein tur du kan gå og likevel få tid til andre aktivitetar same dag, fortel han.

Ola Björnström på kanten av Hydalshjallen i Hemsedal.
Ola Björnström på kanten av Hydalshjallen i Hemsedal.
Sportsbutikken MOH har dei siste somrane synt fram bilete og video frå Hydalshjallen.
Sportsbutikken MOH har dei siste somrane synt fram bilete og video frå Hydalshjallen.
Turen opp til klippen tek om lag ein halv time. Først i slakt terreng før stigen vert brattare mot slutten.
Turen opp til klippen tek om lag ein halv time. Først i slakt terreng før stigen vert brattare mot slutten.
Flotte haustfargar i fjellet.
Flotte haustfargar i fjellet.
Til no er nokon hundre bilete merka med #Hydalshjallen på Instagram. 109 000 bilete er merka med #Trolltunga.
Til no er nokon hundre bilete merka med #Hydalshjallen på Instagram. 109 000 bilete er merka med #Trolltunga.
Frå klippa har ein panoramautsikt over Hydalen. Vil dette bli Hemsedals neste store attraksjon?
Frå klippa har ein panoramautsikt over Hydalen. Vil dette bli Hemsedals neste store attraksjon?
Framsida på brosjyra til Turistkontoret i Hemsedal i 2018.
Framsida på brosjyra til Turistkontoret i Hemsedal i 2018.
Ola Björnström har gått turen fleire gonger.
Ola Björnström har gått turen fleire gonger.
Ola Björnström på kanten av Hydalshjallen i Hemsedal.
Ola Björnström på kanten av Hydalshjallen i Hemsedal.
Hausten har farga fjellet gult og oransje.
Hausten har farga fjellet gult og oransje.
Ola Björnström på kanten av Hydalshjallen i Hemsedal.
Ola Björnström på kanten av Hydalshjallen i Hemsedal.
Mykje besøk slit kraftig på stigen.
Mykje besøk slit kraftig på stigen.

{{imageLeft}}

Björnström jobbar i sportsbutikken MOH. Dei var tidleg ute med å fortelja om Hydalshjallen. Bak disken har dei eit stort og freistande bilete frå klippen der du får heile Hydalen i panorama.

– Me får dagleg spørsmål frå folk som har lyst til å gå dit. Det er ei veldig spektakulær utsikt, fortel dagleg leiar i MOH, Steffen Gulbrandsen.

Dei tre siste åra har fleire og fleire teke turen hit. Er staden i ferd med å bli den neste store attraksjonen i bygda?

Også turistkontoret bukar Hydalshjallen i marknadsføringa. «Hydalshjallen is one of Hemsedals secret gems» skreiv dei på sine nettsider. Og i fjor sommar var turmålet på framsida av aktivitetsbrosjyren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagleg leiar i Destinasjon Hemsedal, Richard Taraldsen, fortel at dei enno ikkje funne ut korleis dei skal marknadsføre denne plassen vidare.

– Dette er ein fantastisk plass, men me må trø litt varsamt, seier han.

Delar av turen går inn i Hydalen landskapsvernområde.

– Me må ha ein god dialog med forvaltninga og grunneigarane. Stigen har etter kvart blitt meir synleg. Skal fleire folk ferdast i området, må det leggast betre til rette, seier han.

Ein av grunneigarane i sameiga, Knut Fausko, synest det er flott at fleire kan nå ei slik naturperle.

– Dette er kjerneområdet for den frie hemsedalsnaturen. Og eg ser heilt klart parallellar til ein Trolltunga-variant her i vår eigen fjellheim, seier han.

Grunneigarane har alt utvida parkeringskapasiteten ved utgangspunktet til Topp 20-turen til Ranastongi som ligg i nærleiken. Dei har også søkt om pengar til å merke og utbetre stigen.

– Det kjem dagleg turistar som vil gå til denne plassen. Me bør vere raskt ut med å få opparbeidd ein bra stig, forklarar Fausko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen er å lage ein ny trasé for turstigen som går mest mogeleg på fjell og der det er tørt. Med små infotavler langs stigen vil dei fortelja historia om Hydalen.

– Me ser for oss ein kombinert natur- og kulturstig. Folk må sitte att med meir enn berre selfies, seier Fausko.

Ein sval vind stryk over fjellknausane. Ola Björnström syner vegen gjennom ei lita urd. Stigen synest ikkje på kartet, og er heller ikkje merkt i terrenget.

– Sjå etter ein spesiell pyramideforma stein. Då er me nesten fram- me, fortel han.

Når den spisse kolossen skyt yt av eit hav med gul bjørk, skjønar ein at dette er ein spektakulær plass.

– Eg må innrømme at eg har litt høgdeskrekk, ler Björnström nervøst og smyg seg fram mot kanten for å sjå ned.

Men kven som helst kan få et godt sug i magen av å vere her. Han tek ein liten stein og slepper han utfor kanten.

– Fem sekund. Då er det nok over 100 meter rett ned, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Under den obligatoriske fotograferinga høyrer me plutseleg stemmer bak oss.

– Me fekk vite om denne turen på turistkontoret. Me ønskte oss ein kort tur med flott utsikt, smiler Leonie Moraal og pustar ut.

Dei er ein familie frå Nederland på bubilferie. I fleire dagar har dei utforska naturen i Hemsedal.

– Wooow! Dette er berre heilt fantastisk, seier Jeske Hagenaars og speidar ut over fjella.

Til no er det berre nokon hundre bilete merkt med #Hydalshjallen på Instagram. Til samanlikning er 109.000 bilete merkt med #Trolltunga. Men der det tek ti timar å gå tur-retur Trolltunga, tek det berre halvannan time å gå fram og attende til klippen ved Hydalshjallen.

– Eg er patriot, men denne plassen er på høgde med både Trolltunga og Preikestolen, meiner Richard Taraldsen i Destinasjon Hemsedal.

Så langt har utsiktspunktet vore ei skjult hemmelegheit. Folk har vore nysgjerrige på kor det er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er gøy når folk spør korleis dei kjem seg dit, men det blir også tungvint med mykje spekulasjonar. Me kjem nok til å reklamere meir etter kvart, men ikkje i Trolltunga-proporsjonar, forklarar han.

Knut Fausko meiner det blir viktig med god kommunikasjon framover.

– Ein kan uansett ikkje hindre folk i å gå i fjellet. Om vegen vidare er skånsam, kan dette vere ein flott ressurs for Hemsedal, seier han.