Frå Golsfjellet, mot Hemsedal.
Frå Golsfjellet, mot Hemsedal.

Her er det oppkøyrde langrennsløyper

Denne helga startar vinterferien. Hugs å ta med langrennsski.

Trass i atmeteorologane varslar mildvêr melder turistkontora om gode forhold for langrenn.

Hemsedal Utmarksservice fortel at dei måtte vente med løypekøyringa i nokre løyper og at enkelte løyper vart køyrt opp på kvelds- og nattetid. Årsaka er at dei ikkje vil øydelegge sålen i løypene. Det er venta litt kaldare vêr over helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er ein oversikt over oppkøyrde skiløyper i Hallingdal og Nore og Uvdal:

Hol

Ca 500 km med oppkøyrde løyper, noko som betyr at dei aller fleste løypene i kommunen er klare for skituristar.

Dagleg leiar i Visit Geilo, Stian Skarsten, opplyser at løyper som går over vatn ikkje blir preparert før vêret tilseier at det er trygt.

På veg til Holmevann i Nes Nordmark.
På veg til Holmevann i Nes Nordmark.
Dagalifjell.
Dagalifjell.
Her frå Skaraåsen på Torpo.
Her frå Skaraåsen på Torpo.
Godt føre på Øknin i Ål.
Godt føre på Øknin i Ål.

Nore og Uvdal

Totalt ca. 460 km med oppkøyrde løyper:

* Rødberg Vikangrend med lysløype 20 km

* Lauvåsen Vel/Kirkebygda i Uvdal 18 km

* Borgegrend 60 km

* Lysløypa, Nore 5 km

Artikkelen held fram under annonsen.

* Åsbøseterdalen / Breiset 35 km

* Imingfjell 55 km

* Tøddøl 35 km

* Øygardsgrend 40 km

* Tunhovd 35 km

* Trondrudmarka 60 km

* Rundløypa, Jønndalen 16 km

* Lysløypa, Uvdal 2,5 km

Artikkelen held fram under annonsen.

* Dagalifjell 90 km + 9 km nedover Vasstulanløypa

* Grevsgard og Hallgrimsfjell 37 km

Ål

453 km løypenett. Dette er oppkøyrt no:

* Bergsjøområdet 111 km

* Votndalsåsen 56 km

* Torpo/Opheimsåsen 68 km

* Kvinnegardslia/Øvre-Ålsåsen 42 km

* Sangefjell 50 km

Artikkelen held fram under annonsen.

* Veståsen 45 km

* Heimstølhovda 16 km

* Sundre Skiforening 18 km

Gol

320 km med oppkøyrde skiløyper:

* Skagahøgdi 10 km (til skilje med Ål)

* Nystølsfjellet 60 km

* Søråsen 80 km

* Golsfjellet 140 km

Artikkelen held fram under annonsen.

* Solseter 30 km

Nes

311 km oppkøyrde løyper til vinterferien:

* Nes Nordmark 110 km

* Nes Sørmark 116 km

* Buvasstølan i Nes Østmark 38 km

* Liemarka i Nes Østmark 42 km

* Lysløypa, Nesbyen sentrum 4,7 km

Hemsedal

140 km maskinpreparerte løyper i skog og dalterreng, som blir preparert dagleg eller ved behov.

Artikkelen held fram under annonsen.

110 km stikka høgfjellsløyper, som blir køyrt opp ved stabilt og godt vêr.

Oppkøyrt no:

* Gravset Skiarena Hestane-Storvatn og Helsingvatn rundt

* Trefta, Trøim sentrum

* Hemsedal skisenter mot Tuv

* Hølleskaret-Beihovrunden og Systerskaret

* Solheisen-Grønndalen

* Vavatn-Oset

Flå

120 km løyper:

* Lysløypa, Flå sentrum 3 km

* Vassfarfjellet/Turufjell 65 km

* Høgevarde 52 km

.

Det har ikkje lykkast Hallingdølen å få løypeinformasjon frå Hol kommune.

Alle detaljar får du på skisporet.no

*Veke 8: Oslo, Akershus, Aust-Agder, Hedmark, Sogn og Fjordane, Trøndelag, Telemark, Vest-Agder, Vestfold, Østfold og Finnmark.

*Veke 9: Buskerud, Hordaland, Møre og Romsdal, Oppland og Rogaland.

*Veke 10: Nordland og Troms, samt Voss og Odda i Hordaland.