Aleksander Fjeld Andersen tok sin fyrste pallplass i IBU-cupen.
Aleksander Fjeld Andersen tok sin fyrste pallplass i IBU-cupen.

Heilnorsk pall i IBU-cup

Aleksander Fjeld Andersen tok sin fyrste pallplass i IBU-cupen.

Medan dei beste løparane går VM i Østersund, går dei på nivået under IBU-cup-avslutning i Italia.

Torsdag vart det ein stor norsk dag på sprinten i Martelle-Val Martello.  Fyrsteårssenior, Aleksander Fjeld Andersen har gått alle rundane med IBU-cup sidan nyttår. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Geilingen gjekk ut på eit tidleg startnummer, og viste gode takter alt frå fyrste passering. Med berre ein runde på liggjande jakta han ei god plassering. På ståande skaut han ned alle dei fem blinkane, og gjekk ut i tet. I mål leia han klart, og til slutt vart han nummer tre. 

- Eg hadde ein plan om å opne relativt hardt, men ikkje så hardt at eg risikerte å gå på ein sprekk. Arenaen ligg på 1700-meter, så det er lett å sprekke om ein ikkje er merksam. Eg måtte verkeleg kjempe på ståande, for inngangen er tøff. Eg er nøgd med at eg klarte å skyte fullt, seier Fjeld Andersen. 

God dag for NTG

På litt seinare startnummer kom to sterke, norske kort, Johannes Dale og Endre Strømsheim. 

Med betre tider passerte dei Andersen og tok dei to fyrste plassane. Han tok likevel tredjeplassen, sin fyrste pallplass i IBU-cupen. Fredrik Gjesbakk på fjerdeplass sørga for fire norske øvst på lista. 

- Det var ein veldig god dag for laget, og veldig gøy å vere ein del av denne gjengen no. Litt ekstra moro er det at dei to andre på pallen er gamle klassekameratar frå NTG Geilo, som eg også var på juniorlandslag med. 

- Kva betyr pallplassen for deg?

- Det betyr veldig mykje. Å klare ein pallplass i IBU-cupen er tøft, særleg i finalen når alle dei beste er med og alle er i form. Eg håpar å bli lagt merke til for framtida.

Verdscup er gulrot

Laurdag går løparane ein ny sprint, før siste renn i IBU-cupen er fellesstart sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er i god form, det kjente eg i dag. Eg hadde fjerde beste langrennstid, så no er alt mogleg. Eg gler meg berre til resten av helga, det blir moro.

Ein liten ekstrabonus kan det vanke på dei som presterer i IBU-cupfinalen.

- Me kjempar om to ekstraplassar som Norge har til verdscupavslutninga i Kollen neste helg. Det hadde ikkje gjort noko å få vise seg fram der litt. Men om eg ikkje får det, så ser eg fram til å gå NM på Liatoppen òg.