Hege Bøkko fra Norge etter 1000m for kvinner under VM skøyter sprint 2020 i Vikingskipet på Hamar. (Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix)

Hege Bøkko gir seg som skøyteløpar

Etter tolv år på landslaget har skøyteprofil Hege Bøkko valt å sette punktum.

– Det har vore ei lang tenkeperiode og mykje om og men. Men då eg sende avslaget til skøyteforbundet før helga vart det naturleg å skrive at det også var slutten på skøytekarrieren mi, fortel Hege Bøkko.

Motivert av nytt opplegg

Knappe to månader etter at broren Håvard la opp, har Hege teke det same valet. Sundag kveld delte ho nyheita med Hallingdølen på telefon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde bestemt meg for å sjå kva opplegg forbundet kom med før eg tok avgjerda om framtida. Opplegget var veldig bra og trenaren motiverte meg veldig, men den gnisten av motivasjon sløkte dessverre fort. Det nye opplegget kom for seint for min del. Magekjensla mi sa at det her har du ikkje nok motivasjon til å begi deg ut på.

Etter ein trøblete sesong, der ho før jul reiste heim frå verdscupen, kvalifiserte ho seg til VM på Hamar. Det vart hennar siste løp på internasjonalt nivå.

Les også
VM-helga vart sesongbeste for Hege Bøkko

– Eg var veldig nedfor før jul, men VM på Hamar motiverte meg veldig. Det vart ei fin oppleving. Men motivasjonen og drivkrafta for å vere toppidrettsutøvar var borte. Eg har levd det livet sidan eg var 16 år. Eg skal framleis trene, men ikkje drive toppidrett.

Takkar for støtta

Etter tolv år på landslaget er OL i Vancouver framleis noko av det største ho har opplevd på ein skøytebane.

– Eg nådde aldri draumen om medalje i OL og VM, men eg har opplevd mykje og er stolt av det. Tiandeplassen i Vancouver var stort. Då hadde det vore så mykje på førehand med at Peter (Mueller red. merk) vart sparka og alt rundt det, men Håvard tok medalje og eg ein overraskande tiandeplass. Også var VM i Calgary stort, med mamma og pappa på tribunen og ein femteplass og norgesrekordar, seier Bøkko.

Ho er takksam for støtta frå sponsorar, familie, vener og støtteapparat gjennom ei lang skøytekarriere. Men seier samstundes at det er ei tid for alt.

– Eg har vore toppidrettsutøvar sidan eg var 16. No gler eg meg til å gjere andre ting. Eg har fullført ein bachelorgrad i folkehelse, og håpar å få jobbe innan det etter kvart.