Øystein Bråten (t.v.) og lagkamerat Birk Ruud er blant dei sterkaste norske korta i den norske VM-troppen.
Øystein Bråten (t.v.) og lagkamerat Birk Ruud er blant dei sterkaste norske korta i den norske VM-troppen.

Han er tatt ut til VM

Skiforbundet har teke ut sju utøvarar til VM i Park City om tre veker.

Friski: Ein av dei sju utøvarane er Øystein Bråten frå Torpo.

22-åringen har konkurrert lite i vinter, men er likevel teken ut til verdsmeisterskapen. Den går i Park City i Utah om to og ei halv veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bråten er teken ut til både bigair og slopestyle, og den fyrste øvinga går laurdag 2. februar.

Landslagstrenar Luke Allen er veldig fornøgd med resultata til landslagskøyrarane.

– Utøvarane har halde fram med å bevise at dei er i toppen kvar gang denne sesongen, og med dette momentet er det gode sjansar for toppresultat i Park City, seier Allen.

Helga før VM er det X-Games i Aspen. Der er Bråten invitert til både slopestyle og bigair, etter at han tok sølv i begge øvingane sist vinter.

Desse køyrer for Norge:

Slopestyle

Kvinner: Johanne Killi, Dombås IL, Sandra Eie, Bærums Skiklub

Menn:Øystein Bråten, Torpo IL, Ferdinand Dahl, Ingierkollen Rustad IL, Birk Ruud, Bærums Skiklub, Sebastian Schjerve, Namsos IL

Reserve: Christian Nummedal, Hakadal IL

Artikkelen held fram under annonsen.

Bigair

Kvinner: Johanne Killi, Dombås IL, Sandra Eie, Bærums Skiklub

Menn:Øystein Bråten, Torpo IL, Christian Nummedal, Hakadal IL, Birk Ruud, Bærums Skiklub, Ferdinand Dahl, Ingierkollen Rustad IL

Reserve: Sebastian Schjerve, Namsos IL

Halfpipe

Menn: Birk Ruud, Bærums Skiklub