Hallingspretten er det tredje store turrennet i Hallingdal som no er avlyst.

Hallingspretten er avlyst

Onsdag kveld vart det bestemt at også Hallingspretten blir avlyst på grunn av frykt for koronasmitte.

Dermed er alle dei tre store turrenna i Hallingdal avlyst: Skarverennet, Slarverennet og Hallingspretten som går mellom Kikut på Geilo og Hallingdal Feriepark i Ål.

Hallingspretten skulle gått av stabelen laurdag i palmehelga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avgrense smitte

– Det er klart det er utruleg synd, men me har stor respekt for situasjonen og ønsker å ta eit ansvar i forhold til å avgrense smitte, seier leiar i organisasjonskomiteen for Hallingspretten, Gunnar Haugo.

Les også
Skarverennet avlyst: — Ei tung avgjerd

Avgjerda vart teken etter at Folkehelseinstituttet tysdag kveld anbefalte å avlyse eller utsette arrangement med over 500 deltakarar for å prøve å hindre spreiing av koronaviruset.

– Lyttar til anbefalingar

Sikkerheitsansvarleg i Hallingspretten, Syver Tveito har hatt tett dialog med smittevernlegen i Ål og Hol.

– Koronaviruset har no også kome til Hallingdal og me lyttar sjølvsagt til dei anbefalingar nasjonale helsemyndigheiter gir Norge Skiforbund, seier Tveito.

Refusjon?

Når det gjeld spørsmål om refusjon eller overføring til neste års arrangement, så ber arrangøren om forståing for at dei treng nokre dagar på å finne gode og praktiske ordningar.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

– Me vil kome tilbake med informasjon direkte til dei påmelde om dette, skriv Hallingspretten i ei pressemelding.

Les også
Slarverennet er avlyst: — Det er veldig trist
Les også
Klar melding til hyttefolk i karantene: - Hald dykk heime