Marknadssjef i Hallingdølen, Espen Forsberg, saman med HFK-sjef Jan-Eirik Thorberg.

Hallingdølen blir hovudsponsor for HFK: - Me er stolte og glade

Hallingdølens marknadssjef Espen Forsberg og HFK-sjef Jan-Eirik «Jansen» Thorberg signerte onsdag ein avtale som gjer avisa til ein av hovudsponsorane for HFK.

— Me er veldig godt nøgd med å signere ein god og langvarig avtale med Hallingdølen som ny hovudsponsor. Det er ein avtale me trur vil vere fruktbar for begge partar, seier Thorberg.

Han og Forsberg signerte papira på Hallingmo onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me er stolte og glade. HFK er viktig for hallingane som arena for idrett, og for vår felles identitet. Me er imponert over den jobben som HFK gjer, og ønsker å bidra til at klubben kan fortsette det gode arbeidet, seier marknadssjef Forsberg.

Les også
- Har vore ein tøff vår for klubben

I avtala ligg det eit kronebeløp, samt produksjon, trykk og distribusjon av HFK-magasinet. HFK får også annonsar i Hallingdølen.

— Hallingdølen blir synlege gjennom at me blant anna får avisa sin logo på strømpene til HFK, seier Forsberg.

Korleis sesongen 2020 vil sjå ut, er enno vanskeleg å seie. Tysdag fekk barne- og ungdomsfotballen grønt lys for å spele kampar att. Men breiddefotballen må enno vente. Signalet er at det vil kome ei avgjerd før 1. september. Det kan bety at heile sesongen ryk for HFK sitt herrelag i 4. divisjon og damelaget i 2. divisjon. Men til neste år har HFK og Hallingdølen planar om eit spennande samarbeid:

— Avtalen byr på spennande moglegheiter med tanke på streaming og ikkje minst vidareutvikling av HFK-magasinet. Me ser uansett fram til å sette i gang samarbeidet, sjølv om det ikkje kjem fullt i gang før 2021, seier Thorberg.

Les også
– Situasjonen slit mest på lagkjensla
Les også
– Sesongen er motivasjonen min
Les også
Korleis er framtida for barneidretten?
Les også
Klar for historisk sein seriestart: - Spent på korleis me taklar tett kampprogram