Pål Golberg under prologen på opningshelga i langrenn på Beitostølen.
Pål Golberg under prologen på opningshelga i langrenn på Beitostølen.

Golberg rauk i semifinalen

Pål Golberg tok seg greitt vidare frå prologen i Østersund, men var ikkje rask nok til å sikre finaleplass.

Langrenn: I helga er det fyrste runde av Scandinavisk Cup, med rennhelg i Østersund.

Fredag starta utøvarane med sprint i klassisk stil. I prologen var det mange sterke løparar som ville vise førjulsform, og dei norske hevda seg godt. Etter prologen var dei 11 fyrste på resultatlista norske. Pål Golberg hadde femte beste tid av desse. Best av alle var Erik Valnes. Han markerte seg med 2,46 sekund ned til neste løpar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Greitt vidare

I kvartfinalen gjekk Golberg greitt vidare, som andremann bak Magnus Stensaas.

Men i semifinalen var det slutt. Der var Torgeir Sulen Hovland og Fredrik Riiseth for raske. I mål var han tredjemann i sitt heat, men farten i heatet føre var større og Golberg gjekk ikkje vidare.

I tillegg til Golberg var også fleire Team Hallingdal-løparar på start, men ingen av desse gjekk vidare frå prologen. Dei kan mest truleg hevde seg betre på dei lengre distansane laurdag og sundag.

Ikkje vidare

På kvinnesida gjekk Emilie Fleten (Gol) og Guro Jordheim (Hemsedal) prologen. Begge jentene trivst best med å gå lengre løp, og ingen av dei kom vidare til finalane. Fleten vart nummer 37 og Jordheim 31.

Sistnemnde er heime på juleferie etter ein god start på vinteren i den amerikanske collegeserien for studentar.

Skandinavisk Cup held fram med 10/15km klassisk laurdag og 10/15km fristil sundag.