Pål Golberg tok seg til kvartfinalen i Quebec, men då sa det stopp.
Pål Golberg tok seg til kvartfinalen i Quebec, men då sa det stopp.

Golberg rauk i kvartfinalen

Pål Golberg havna i eit mareritt-heat mot både Johannes Høsflot Klæbo, Aleksandr Bolsjunov og Federico Pellegrino. Det vart for altfor tøft.

Golberg vart nummer 18 i prologen, og hadde ingen problem med å ta seg vidare i sprinten i Quebec. Men i kvartfinalen havna han i heat saman med dei aller største kanonane. 

Ikkje berre måtte han opp mot dei norske sprint-essa Klæbo og Emil Iversen, også Bolsjunov, Pellegrino og svenske Viktor Torn var i same heat. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Russiske Bolsjunov banka til frå start i kvartfinalen, og satte opp eit solid tempo. Men det vart etter kvart Klæbo som tok styringa, og nordmannen gjekk inn til seier i heatet. Pellegrino vart nummer to, medan Bolsjunov kom inn som nummer tre. Russeren gjekk etter kvart vidare på tid. 

Golberg kryssa målstreken som nummer fem, og slo Iversen som kom på sisteplass.