Verdscup i nordiske greiner i Ruka: Pål Golberg under 20 km jaktstart langrenn i Finland sundag.

Golberg på pallen igjen: - Eg var spent, det er ei tøff løype

Pål Golberg vart nummer to på jaktstarten i langrenn i Ruka.

Ingen tuktar Johannes Høsflot Klæbo for tida. Han vann tre av tre renn i Ruka i Finland denne helga. Men Pål Golberg gjekk sundag inn til ein fin andreplass i verdscuprennet i 20 km jaktstart.

– Eg er kjempefornøgd. Eg var spent i dag, det er ei tøff løype, sa Golberg til NTB etter løpet og heldt fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– På andrerunden kjentest det ikkje ut som ein knalldag, men eg fekk rett i at det vart tøft for alle.

– Til tider var eg vel langt bak, men det var lett å manøvrere seg framover på den flate runden på slutten, fortalde Golberg sundag ettermiddag.

Svenske Calle Halfvarsson tok tredjeplassen, men det var heile sju nordmenn blant dei 12 beste sundag, melder NRK.

Også laurdagen klinka Golberg til med andreplassen:

– Eg er godt fornøgd, både med løpet og formen, sa Pål Golberg til NRK etter løpet.

– Det var strålande innsats, enkelt og greitt. Eg hadde på følelsen at me hadde eit lag som skulle gjere det høveleg bra i dag, og eg er veldig, veldig fornøgd, sa landslagstrenar Eirik Myhr Nossum til NRK laurdag.

Fredag gjekk langrennsløparane sesongens fyrste verdscuprenn, då dei opna med sprint i Ruka. Alt frå prologen var det norsk dominans. Der vann Johannes Høsflot Klæbo, medan Pål Golberg tok tredjeplassen.

Ei god helg for Norge, Hallingdal og Gol(berg), med andre ord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verdscup i nordiske greiner i Ruka: Nummer to, Pål Golberg, og vinnaren Johannes Høsflot Klæbo etter 10 km klassisk for menn i Ruka laurdag. Martin Løwstrøm Nyenget med ryggen til , vart nummer tre .
Les også
Trippelt norsk på pallen: Golberg og laget imponerte trenaren
Les også
Oljefond-sjefen gjorde eit sjeldan unntak: – Eg held aldri foredrag om kunst lenger