annonse

Godt kjempa av begge lag

UAVGJORT
UAVGJORT: Stillinga vart 1-1 då HFK møtte Svelvik på heimebane. (Foto: Arkiv)

Stillinga vart 1-1 då HFK møtte Svelvik på heimebane fredag kveld.

Allereie tidleg i kampen var det målsjansar for begge lag.

Fyrste omgang

Sjølv om det var Magnus Bækken og Jonas Bergane hadde sine augneblink, var det litt lite futt i HFK i starten av fyrste omgang.

Så fekk Magnus Bækken ein god målsjanse, som diverre gjekk rett utanfor. Etter det fekk HFK opp takta, og Bækken hadde enda ein sjanse, men heller ikkje den gav resultat for heimelaget.

Eit par frispark i favør HFK, men ingen av ballane gjekk i mål.

Eit godt stykke ut i fyrste omgang headet Svelvik nesten eit mål rett i målet til HFK, men keeper Per Oskar Stave redda på elegant vis.

Etter overtid fyrste omgang stod stillinga 0-0. Alt i alt var omgangen jamn i spel og sjansar.

Andre omgang

I andre omgang var det mykje action dei fyrste ti minutta. Eit gult kort til HFK og eit til Svelvik, målsjanse for HFK og mykje aktivt spel. Så vart Svelvik aleine med HFKs keeper og scorar utan store problem. Stillinga er no 0-1 til Svelvik.

Så følgde fleire skot frå HFK, og etter fleire iherdige forsøk blir det endeleg mål for hallingane.
Magnus sentra til Simen som kontrollert dunkar ballen inn bak keeper.

Dei siste femten minutta hadde enkelte målsjansar, men ingen som ende med endring i stillinga.

Kampen enda altså 1-1.   

annonse