Espen Garnås fekk debuten for LSK mot Ranheim sist veke. Tysdag fekk han sin første kamp frå start.

Garnås samanlikna med Kippe, Bjarmann og Birkelund

«Espen Garnås spelte seg rett inn i hjarta til LSK-supporterane».

Slik opnar LSKs heimeside sin omtale av Espen Bjørnsen Garnås, som for berre nokre veker sidan signerte kontrakt med Lillestrøm. Han fekk debuten sin mot Ranheim sist veke, med eit innhopp på drygt ti minutt. Han brukte tida si godt i toppoppgjeret, og fekk både presentert og markert seg for Åråsen-publikummet.

Øydela festen

Tysdag kveld vart han lønt med plass i startelleveren til trenar Geir Bakke. LSK gjesta Tromsø og Alfheim, på ein heilt spesiell kveld: Tromsø IL vart stifta 15. september i 1920, og feira derfor 100-årsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nordlendingane hadde nok håpa på ein festkveld på eige gras, men gjestene frå Lillestrøm, med Garnås i midtforsvaret, hadde ingen planar om å bidra i feiringa. Alt etter eit kvarter sørga Torbjørn Kallevåg for å sende LSK i leiinga.

Les også
Garnås skiftar klubb: — Eit stort steg opp for meg

Då hadde Garnås alt markert seg, ved å sende sin tidlegare lagkamerat frå Ull/Kisa, TIL-spelar Eric Kitolano, av banen. Ei klarering frå nesningen trefte spissen i hovudet, og han måtte ta telling. Garnås viste seg robust også vidare i kampen, i det 39. minutt fekk han gult kort etter ei takling på Fitim Azemi.

På LSKs heimeside beskreiv dei spelestilen hans slik etter kampen: «Storvokste Garnås klinker til i hver eneste duell - og det har allerede motspillerne fått merke. Eric Kitolano måtte ut før det hadde gått ti minutter etter at Lillestrøms nyervervelse traff Tromsø-spilleren med et knallhardt skudd i hodet. Mot Tromsø leverte han bunnsolid forsvarsspill da LSK tok med seg alle poengene hjem til Romerike».

Les også
Sommarpraten med Espen Bjørnsen Garnås

Garnås blir av klubben løfta fram som ein kompromisslaus spelartype, i rekka av namn som Frode Kippe, Torgeir Bjarmann og Jan Birkelund. Det er ei solid rekke å bli samanlikna med.

LSK vann kampen på Alfheim 1-0.

Sterk på børsen

Romerikes Blad følgjer LSK tett. Etter kvar kamp set dei børs på spelarane, og tysdag kveld vart Garnås lønt med ein sekser. På den såkalla «folkebørsen», der lesarane gir si vurdering, fekk han heile 7,6. Nest mest av alle LSK-spelarane.

I børsen heiter det blant anna følgjande om Garnås: «Flere presise crossere. Flink til å passere spillere med ball. Feide ned Azemi mot slutten av 1. omg og fikk et soleklart gult kort. God defensivt gjennom hele kampen. Stanget unna mye mot slutten».

Garnås fekk mykje ros både frå trenar og lagkameratar etter sigeren mot Tromsø. Han var godt nøgd sjølv også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var verkeleg moro å vere med på. Det vart ein tøff kamp, men me stod godt imot. Eg meiner me vann veldig fortent. For min eigen del fekk eg vist fram litt av kva eg står for, sa Garnås til Romerikes Blad.

Les også
To eliteserieklubbar la inn bod på Garnås på tampen

Han fekk spørsmål både om situasjonen med Kitolano og fellinga av Azemi. Også i svaret sitt til lokalavisa markerte han seg som ein robust type:

– Då situasjonen (med Azemi, jorn.mrk) dukka opp, tenkte eg at den måtte eg ta. Det var kanskje litt unødvendig, men samstundes litt deilig å ta ein motstandar skikkeleg når eg først skulle få gult.

Neste kamp for Garnås og LSK er heime mot Kongsvinger 21. september. Klubben ligg no på fjerdeplass på tabellen, seks poeng bak serieleiar Tromsø.

Espen Garnås har fått ein god start i LSK.