Espen Garnås fekk debuten for LSK tysdag kveld.

Garnås fekk ti minutt på Åråsen

Espen Garnås fekk ein solid debut då Lillestrøm og Ranheim møttest til toppoppgjer på Åråsen.

Fotball: Sist onsdag vart 25-åringen frå Nesbyen presentert som LSK-spelar etter fleire dagar med spekulasjonar. Tysdag var han på benken frå start då Lillestrøm tok imot Ranheim til ein av dei viktigaste kampane for sesongen. Heimesiger ville bety framleis håp om opprykk, medan eit tap kunne hekte dei av.

– Det såg tungt ut lenge. På 1-0 til Ranheim var det framleis eit håp. Då det tikka mot 80 minutt og me låg under sat eg med kjensla av at eg kom til å kome innpå. Eg følte eg hadde noko å bidra med, og eg veit eg er målfarleg, seier Garnås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Espen B. Garnås i lag med sportssjef Simon Mesfin i samband med overgangen til LSK.

Då LSK utlikna, kom nesningen inn og markerte seg frå start. Fyrst med ei takling og så med ein pasning som hamna hos kaptein Thomas Lehne Olsen og i mål.

Les også
Garnås skiftar klubb: — Eit stort steg opp for meg

– Det var herleg å kome innpå og kjenne at eg fekk bidratt. Eg slo den pasninga som vart sendt til han som scora. Og eg vann eit par duellar. Sjølv om det ikkje var så lange tida, så fekk eg bidratt på ein positiv måte. Det å få innhopp og vere med å snu kampar, betyr litt.

Vil bidra

Nesningen var på utgåande kontrakt då han gjekk til LSK. Før sesongen var han spent på korleis ting ville utvikle seg.

Espen B. Garnås har hatt ei god fyrste veke som LSK-spelar.

– LSK har hatt lyst til å hente meg lenge. Dei meinte eg ville vere ein fin type å få inn i laget. Eg følte klubben var eit rett val for meg òg. Det er jo ein av Norges største klubbar, som eigentleg skal vere ute i Europa, men no har forvilla seg ned i OBOS.

Han meiner han har kvalitetar som gjer han til ein sterk utfordrar til dei som til no har hatt stopparplassane.

– Eg er jo duellsterk, fyrst og fremst, og kan bidra i det oppbyggande spelet. Midtbanen og angrep må få gode ballar å jobbe med. Og eg er god på dødballar, både framover og bakover. Dei fem måla eg har scora i år viser at eg også er målfarleg. Det er ein bonus og ein fin styrke å ha som stoppar, meiner han.

Eit nytt steg opp

Den fyrste veka i ny klubb har vore hektisk for 25-åringen.

– Det har skjedd mykje, og vore spennande. Det er ikkje kvar dag du kjem til nytt miljø og ny arbeidsplass. Dei har teke meg godt imot og eg begynner å finne meg til rette. Eg føler dei har veldig tru på meg her, og at eg er ein spelar dei vil få bruk for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om han gjekk til ein divisjonskollega av gamleklubben Ull-Kisa er det likevel skilnad.

Les også
Han følgjer fotballdraumen
Les også
Ull/Kisa-trenaren om Garnås: – Han er ein fin gut med gode verdiar

– Treningsanlegget og støtteapparatet er enormt bra. Alt her kjennest veldig proft. Det ligg veldig godt til rette for å gjere gode val både sportsleg og utanomsportsleg, og verkeleg vere toppidrettsutøvar her.

Håpar på opprykk

– Det var nokon som sa at eg har mine beste år som spelar framfor meg no. Det håpar eg stemmer. Alt ligg til rette rundt for at eg skal utvikle meg og gjere det bra om eg jobbar hardt og er tolmodig. Eg skal bruke dei sjansane eg får, like godt som i fyrste kampen. Jobbar eg steinhardt, så vil moglegheitene kome. Det er eg heilt sikker på.

- Det kjennest som eit godt val å gå til LSK, eg trur dette kan bli veldig bra, seier Espen B. Garnås om overgangen.

No har framleis håp om at den tradisjonsrike klubben skal rykke opp til Eliteserien.

– I garderoben etter kampen sa trenar Geir Bakke at han håpa me kunne bruke sigeren til noko positivt, til å snu trenden og få i gang spelet vårt skikkeleg. Det håpar eg me klarer.

Les også
Følger plan A