Fredag starta den 32. utgåva av Bama Liatoppen skiskyttarfestival med Larsen-stafett for ulike klassar i alderen 11–16 år.
Fredag starta den 32. utgåva av Bama Liatoppen skiskyttarfestival med Larsen-stafett for ulike klassar i alderen 11–16 år.

Fullt hus på Liatoppen

Skiskyttar-sirkuset er kome til Liatoppen for 32. året på rad.

Fredag markerte starten for årets høgdepunkt for unge skiskyttartalent frå inn- og utland. Årets utgåve av Bama Liatoppen skiskyttarfestival starta, som tidlegare år, med innskyting og stafett fredag føremiddag. Strokne løyper og lite vind sytte for nærast optimale forhold under skiskyttarfestivalens fyrste dag.

Kruttkontrollen

Det krev eit koppel av dugnadsfolk både før, under og etter arrangementet for å sørgje for at festivalen går knirkefritt føre seg. Blant dei kring 250 funksjonærane på stadion er ei rekkje røynde standplassfunksjonærar som har i oppgåve å sortere og handtere våpen. Børsene skal flyttast fram og tilbake mellom stativa og skivene, slik at dei ligg klar til skyttarane kjem inn. Med kring 3000 våpen innom i løpet av tre dagar, er det nok å hengje fingrane i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har eit system som fungerer veldig bra, sjølv om det kanskje ikkje ser så oversiktleg ut utanfrå, seier Per Kvelprud.

Saman med Eilev Sørbøen har han overblikk og ansvar for alt som skjer på standplass. Sjølv tok Kvelprud over jobben som standplassansvarleg etter far sin i 2001. Sørbøen har derimot, ifølgje seg sjølv, halde på sidan han vart fødd. Det er altså røynde hender som held puslespelet på plass.

– Me har med oss flinke funksjonærar som har vore med mange gonger tidlegare. Det gjer sitt til at dette går unna. Me hadde aldri greidd å arrangere så store renn som dette utan erfaring, seier Kvelprud.

Alle våpen blir merkte med namn og står klare i stativ på standplass. Derifrå må funksjonærane halde kontroll på kva som skal kvar til kva tid.
Alle våpen blir merkte med namn og står klare i stativ på standplass. Derifrå må funksjonærane halde kontroll på kva som skal kvar til kva tid.
F.v. Anna Skorstad, Inga Overland og Elise Solum Bakken.
F.v. Anna Skorstad, Inga Overland og Elise Solum Bakken.
Eilev Sørbøen (f.v.) og Per Kvelprud delar på å halde oversikt på standplass. Kring 1100 løparar skal innom i løpet av helga.
Eilev Sørbøen (f.v.) og Per Kvelprud delar på å halde oversikt på standplass. Kring 1100 løparar skal innom i løpet av helga.

Her kan du følgje festen på Liatoppen gjennom helga:

I år som i fjor

Kring 1100 løparar skal i elden på Liatoppen i løpet av helga. Etter stafetten fredag fortsett programmet med mellom anna sprint laurdag og fellesstart sundag. Blant dei unge håpefulle på startlistene, står Anna Skorstad (15), Inga Overland (14) og Elise Solum Bakken (16) frå Snåsa. Fredag føremiddag var dei på plass som heiagjeng før dei sjølv skulle til pers.

– Korleis er det å vera her?

– Skikkeleg artig, smiler Skorstad.

– Det er så mykje folk, og så god stemning. Ein møter alltid folk ein ikkje møter så ofte elles, og ikkje minst er sjansen stor for å møte mange nye venner, legg Overland og Bakken til.