Øystein Bråten køyrde verdscup i Sveits i helga.
Øystein Bråten køyrde verdscup i Sveits i helga.

Friski: Til finalen i avslutninga

I sesongen siste verdscupkonkurranse var Øystein Bråten tilbake i verdscupsirkuset.

Torpingen sleit med skade tidlegare i vinter, og har ikkje køyrt like mange konkurransar denne vinteren.

I helga var han tilbake i verdscupen, i samband med sesongfinalen i freeski i sveitsiske Silvaplana. Fredag tok han seg greitt vidare til finalen, med 91,0 som var femte beste poengsum i kvalifiseringsheatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag tok han ein respektabel sjetteplass med 86,60 poeng i ein finale prega av høge poengsummar. Sveitsiske Andri Ragettli vann med 93, 71. Landslagskollega Birk Ruud vart beste norske på fjerdeplass med 90, 13. I kvinneklassen vart Johanne Killi nummer seks.