Robert Ruud imponerte stort under konkurransane Verbier
Robert Ruud imponerte stort under konkurransane Verbier

Frikøyring: På pallen i Verbier

To av dei tre hallingane som starta i frikøyringskonkurransane i Verbier kom på pallen i avslutningsrennet.

Frikøyring: Fredag gjekk den siste av tre konkurransar i Verbier Freerideweek.

På start ned fjellsida stod tre hallingar, Robert Ruud, Tiril Sjåstad Christiansen og Anne Berntsen Ruud. Alle tre hadde gode plasseringar frå dei fyrste to konkurransane tidleg i veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornøgd

Fredag sikra Robert Ruud sin fyrste siger for sesongen, og sin andre pallplass på tre konkurransar.

– Eg er heilt utruleg glad, eg hadde ikkje tru på at eg skulle klare å palle her før eg reiste, og i alle fall ikkje vinne, sa Ruud til FriFlyt etter sigeren.

På pallen

Freeride-debutant Tiril Sjåstad Christiansen var også nøgd med avslutninga på konkurranseveka.

Geilojenta som gjekk ut av freeskilandslaget etter sist sesong, følgde opp niandeplassen frå tidlegare i veka med ein tredjeplass fredag.

– Lenge sidan eg har kjent på slik skiglede, skriv Christiansen i sosiale medier etter pallplassen.

Ålingsjenta Anne Berntsen Ruud vart nummer fem.