Robert Ruud har bytta ut hopp og rails med frikøyring.
Robert Ruud har bytta ut hopp og rails med frikøyring.

Frikøyring: På pallen i Verbier

Tre hallingar deltek i freeridekonkurransar i Sveits denne veka.

Frikøyring: Robert André Ruud, Tiril Sjåstad Christiansen og Anne Berntsen Ruud er alle i Sveits i samband med Verbier Freeride Week.

I løpet av veka er det fleire konkurransar ned dei bratte fjellsidene. Sundag opna Robert Ruud med tredjeplass i den fyrste konkurransen. Ålingen bestemte seg for å rette skisatsinga mot frikøyring i fjor vår, etter fleire sesongar med friski-satsing. Den store draumen på lengre sikt er å kvalifisere seg til verdsserien, men fyrst må han ha gode nok resultat frå kvalifiseringskonkurransar, som denne i Verbier.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag gjekk det ikkje like bra for ålingen. Då gjekk han over ende ikkje lenge etter start.

Nye vegar

Tiril Sjåstad Christiansen (Geilo) reiste rett frå programleiarjobben på Idrettsgallaen, til Verbier.

Der debuterte ho som frikøyrar i konkurransesamanheng. Måndag vart ho nummer ni av 14 jenter på start i dei bratte fjellsidene.

Tiril Sjåstad Christiansen deltok i si fyrste internasjonale frikøyringskonkurranse denne veka.
Tiril Sjåstad Christiansen deltok i si fyrste internasjonale frikøyringskonkurranse denne veka.

Anne Berntsen Ruud frå Ål tok ein sterk sjetteplass i same klasse, på ein god norsk dag på jentesida. Det var nemleg norske jenter på andre, femte, sjette, åttande og niandeplass. Sundag opna ho konkurranseveka med 12.-plass.

Fleire moglegheiter

Konkurransane i Verbier er viktige for dei som har ambisjonar om å kvalifisere seg til Worldtouren på lengre sikt.

På programmet står i alt tre konkurransar. Dei to fyrste vart avvikla i starten av veka. Mykje snø i området har sett den siste konkurransen, som var sett opp tidlegare i veka, på vent. Ny konkurransedag er fredag.