Aleksander Fjeld Andersen viser god form i IBU-cupen.
Aleksander Fjeld Andersen viser god form i IBU-cupen.

Fjeld Andersen skaut seg opp

Aleksander Fjeld Andersen, Geilo, enda med 17 treff på den korte normaldistansen i Arber.

Skiskyting: Andersen gjekk eit nytt godt løp i sin andre runde med IBU-cup torsdag.

Med ein bom på kvar av dei fyrste skytingane hadde han likevel gode passeringstider halvvegs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og med feilfri skyting på den tredje serien, klatra han. På siste skyting vart det ein bom, og tre totalt. Det var jamt i toppen og skilde berre eitt tidel mellom Andersen og lagkamerat Håvard Gutubø Bogetveit på plassen føre. Laginnsatsen for dei norske var solid, med fem løparar blant dei 12 beste. Fredrik Gjesbakk vart best på sjetteplass.

I helga står sprint og jaktstart på programmet for løparane i IBU-cupen.