N/A: Alfred Scriven, eliteseriespelar i Mjøndalen. (Foto: Mona N. Stensvold)

Bækken og Scriven blir lånt ut: – Har vore på jakt etter speletid

Eliteserieklubben Mjøndalen låner ut begge dei to tidlegare HFK-spelarane Alfred Scriven og Magnus Bækken.

Begge hamnar i 2. divisjon. Bækken reiser til Notodden, mens Scriven får Asker som ny heimebane gjennom 2020-sesongen.

– Eg gleder meg til å kle meg i Asker-drakta, eg har vore på jakt etter speletid og får forhåpentleg det her, seier Scriven til klubbens heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den tidlegare HFK-spissen står med åtte kampar for Mjøndalen. I fjor haust var han lånt ut til Ull/Kisa, og no er altså ein ny avtale underskriven. Det er ein såkalla «nasjonal utlånsavtale», noko som betyr at Mjøndalen kan kalle Scriven tilbake når som helst.

Vart operert

Det har vore ein spesiell sesong og oppkøyring på mange vis, men for Scriven har den vore ekstra utfordrande. Han fekk sesongoppkøyringa øydelagt etter at han måtte gjennom ein operasjon i lysken. Mjøndalen er godt nøgd med å ha fått Scriven på lån til ein klubb dei meiner vil vere ein god kamparena for han.

– Alfred ser sjølv verdien av å få spele fotballkampar. Vårt andrelag har som kjent ikkje kome i gang att i 3. divisjon, så dette er bra for utviklinga hans. Me har trua på at Alfred kan bli ein god Eliteserie-spelar, seier sportsleg leiar i Mjøndalen, André Nevstad til klubbens heimeside.

Les også
Klar for historisk sein seriestart: - Spent på korleis me taklar tett kampprogram

HFK-general Jan-Eirik «Jansen» Thorberg trur det er eit klokt trekk av Scriven å ta turen til 2. divisjon for å få speletid. Han peikar på at Asker er ein av opprykksfavorittane i ligaen, og at Scriven sin avtale med Mjøndalen går ut til jul.

– Han trenger derfor eit speletilbod der han kan få vist seg fram, seier han.

I Asker er dei glade for å ha fått Scriven i stallen, og fortel at det er ei signering dei har venta lenge på.

– Me prøvde oss på Alfred i fjor også, utan hell, fortel sportsleg leiar Rolf Magne Walstad.

– Til alle som har venta på at me skulle signere ein spiss: Me har venta på Alfred, som er eit godt val for oss med tanke på typen og hans referansar. Me ønsker unge og svoltne spelarar som vil opp og fram, og det har me fått her, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veldig bra

Magnus Bækken forsvinn også ut dørene i Mjøndalen. Han skal til 2. divisjonsklubben Notodden. For klubbens heimesider har han presentert seg slik:

– Eg er ein spelar som liker å ha ballen i beina, skape ting offensivt og eg håpar eg kan bidra med positivtet og energi inn i spelargruppa.

Les også
Nærmar seg seriestart: - Kjem aldri til å ta fotballen for gitt igjen

Jansen trur utlånet er fornuftig for Bækken, sidan Mjøndalen så langt ikkje har andrelag som får spele kampar.

– Sjølv om det låg i korta at Magnus skulle få prøve seg litt i Eliteserien så hadde det uansett berre blitt korte, sporadiske innhopp. Litt meir fast speletid i Notodden, som i tillegg var veldig interessert i å hente han før sesongen, trur eg vil vere veldig bra, seier Jansen.

– Det er også eit pluss at Stian Bråten er i klubben. Han kjenner Magnus veldig godt, både på og utanfor banen.

Les også
HFK-toppscorar til eliteserien: - Rett å ta steget no