Emma Lockhart.
Emma Lockhart.

Femundløpet: Johannessen og Lockhart i mål måndag

Dei er nett komne i mål etter krevjande løyper i Femundløpet. Om nokre få veker står dei på startstreken i Finnmarksløpet.

Hundekøyring: Måndag ettermiddag kom ein sliten Ralph Johannessen inn til mål i Femundløpet.

LES OGSÅ: KONGEN MÅTTE ABDISERE I FEMUNDLØPET

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har så vondt i beina. Eg har ikkje sprunge så mykje på lenge. Det er sjeldan eg køyrer med berre seks-sju hundar i spannet, seier Johannessen etter målgang på Røros. Han kom inn på ein 11.-plass og hadde køyrd med nærast halvert spann sidan sjekkpunkt Orkelbogen.

– Eg hadde ikkje slike hundar i spannet no, seier han med klar hentydning til dei som låg i tet.

Lars Monsen, som kom på ein 3.-plass i fjor, hamna på 4.-plass i år. Han fekk parkering på bikkjene berre eit par mil frå mål og vart forbikøyrd av Sivert Kjøsnes, som køyrde b-spannet til vinnar Thomas Wærner.

Emma Lockhart frå Skurdølen kom inn til ein finfin 14.-plass i halv sjutida måndag kveld. Ho hadde ni glade hundar framfor sleden. Sliten, men svært nøgd med vel gjennomført Femund 650.

– Det har vore tøft. På mange måtar. Siste biten var hard. Eg måtte motivere bikkjene mykje. Og eg har hatt så vondt i hendene som eg aldri har hatt før. Men hundane har hatt det bra. Og det har vore fantastisk. Eg visste ikkje at det var så vakkert her, seier Lockhart, som køyrde sitt første 650. Ho køyrde Femundløpet 400 i fjor. Då kom ho på 18.-plass. Ho er tydeleg målretta og rask på sjekkpunkta:

– Det er viktig å få ting unna. Så hundane får kvilt så mykje som mogleg undervegs, seier ho.

Om nokre veker skal ho pakke igjen. For å setje snutane mot Finnmarksløpet. Ho skal køyre Finnmarksløpet 500. Dryge 130 kilometer kortare enn det ho har gjort no. Ralph Johannessen skal også nordover, for å køyre Finnmarksløpet 1200. André Bjørnstad, som braut Femundløpet i år, skal og nordover. Han kvalifiserte seg ikkje til det lange løpet, men har høve til å køyre det korte FL 500.