Mari Kolstadbråten Ekra og hesten Zensai tok NM-gull på 120 km i helga.
Mari Kolstadbråten Ekra og hesten Zensai tok NM-gull på 120 km i helga.

Fekk vite at ho leia like før dei var i mål

I lag med ni år gamle Zensai Ibn Pacha kunne Mari Kolstadbråten Ekra juble etter nærare sju og ein halv time ute i terrenget.

Hestesport: Laurdag stilte ekvipasjen i NM distanseritt over 120 kilometer, med internasjonal status. Rittet gjekk i Nannestad, og samla 69 deltakarar i ulike klassar. Med mykje regn vart forholda tøffe.

– Det var veldig vått i terrenget, med mykje vatn i løypene. Det seier seg sjølv at med sand og grusbotn og 70 hestar blir det glatt og sleipt. Fleire plassar var det store vassdammar, me sleit litt med festet innimellom og måtte avpasse tempo, fortel Ekra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vêret var den største utfordringa undervegs.

– Med regn og vind måtte eg passe på at hesten heldt varmen i pausane òg. Av dei 69 som starta, var det berre 39 som fullførte og fekk godkjend, seier ho.

Stort

Ho har hatt snart ni år gamle Zensai Ibn Pacha i fire år. To gonger før har ho prøvd å ri 12 mils ritt, men ikkje lukkast.

Mari Kolstadbråten Ekra (midten) tok NM-gull på 120 km i helga. Ellen Suhr Ydstebø (t.v.) tok sølv, medan Maren Aanestad (t.h) tok bronse.
Mari Kolstadbråten Ekra (midten) tok NM-gull på 120 km i helga. Ellen Suhr Ydstebø (t.v.) tok sølv, medan Maren Aanestad (t.h) tok bronse.

– Han har trøbla litt med beina tidlegare, at han har vorte sår. Det har halde 10–11 mil. Det er vanvitig stort å fullføre, og at det gjekk så bra, seier den ferske NM-vinnaren.

Fyrst då ho var ei god mil ute på den siste etappen, skjønte ho at det kunne gå mot NM-gull.

– Eg trudde ho som leia etter tredje etappen hadde ridd ut på sisteetappen før meg, men tok feil. Fyrst då eg kom til mine hjelparar ute i løypa og spurte kor langt det var opp til teten, fekk eg vite at eg leia med åtte minutt. Då skjønte eg at me hadde ein sjanse om me rei fornuftig inn.

Mykje jobb

Dei fullførte på sju timar og 15 minutt ridetid, med ein snittfart på 16, 14 km/t.

I mål venta spennande minutt då veterinærane skulle godkjenne hesten. Fann dei skader, kunne NM-gullet ryke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då alle tre godkjente, kunne eg juble. Det er vanvittig stort, og har nok ikkje heilt gått opp for meg enno. Eg tenkte fyrst at det var mest flaks, men det er ikkje berre det. Eg har gjort noko rett på vegen, og lagt ned den innsatsen som krevst.

No ventar ein velfortent ferie for Zensai.

– Sesongen er ferdig for han. No skal han få rolege turar i haust og mykje kvile før me startar å bygge oss opp til ny sesong. Eit slikt ritt er ei enorm påkjenning for dei, og dei tid på å hente seg inn att.

Fyrst då eg kom til mine hjelparar ute i løypa og spurte kor langt det var opp til teten, fekk eg vite at eg leia med åtte minutt.