Mikkel Brusletto Kaupang frå Geilo køyrer sin andre verdscup for sesongen.
Mikkel Brusletto Kaupang frå Geilo køyrer sin andre verdscup for sesongen.

Får sjansen i Frankrike

Ein ung freeskihalling får sjansen i verdscupen i Font Romeu.

Før jul vart Mikkel Brusletto Kaupang overraskande teken ut til verdscupen i Stubai.

Denne veka har han pakka bagen igjen og sett kursen for franske Font Romeu. Der står verdscup i slopestyle på programmet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til Kaupang er sju landslagsutøvarar tekne ut til konkurransen. Kvalifiseringa for herrar går fredag, medan finalane går i helga.

Desse stiller i Font Romeu:

* Birk Ruud, Bærums Skiklub

* Ulrik Samnøy, Bærums Skiklub

* Ferdinand Dahl, Ingierkollen Rustad Slalåmklubb

* Christian Nummedal, Hakadal IL

* Petter Ulsletten, Dombås IL

* Mikkel Brusletto Kaupang, Geilo IL

* Johanne Killi, Dombås IL