Tore Lie deler kunnskap frå  15 års erfaring som landslagsturnar.
Tore Lie deler kunnskap frå 15 års erfaring som landslagsturnar.

Er han årets eldsjel i Buskerud?

«Tore Lie-trening» har vore eit begrep for geilingar i ei årrekkje. No kan turnveteranen få eldsjelpris.

Sidan desember har det vore mogleg å nominere kandidatar til prisen Årets Ildsjel i Buskerud.

No har komiteen plukka ut åtte kandidatar. Felles for det er at dei fyller kriteria om å ha frivillige verv i idretten, gjennom mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av desse er Tore Lie, trenar i Geilo IL. Lie var sjølv landslagsturnar i 15 år. Han har vore med på fire EM og VM, seks nordiske landskampar og var i den norske troppen til OL i München i 1972. Han er opphaveleg frå Bergen, men kom til Geilo som lærar i 2002. Der har han trent unge i turn og bevegelegheit i mange år. Uavhengig av idrett har ungar og ungdom vore med på treningane, populært kalla «Tore Lie-trening». Dei siste åra har han også vore turntrenar for ungdom på Gol.

- Positiv

I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Tore Lie, Geilo IL, har i en årrekke arbeidet for barns opplevelse av turn og allidrett. Han har holdt treninger og aktiviteter rettet mot basis- og turnferdigheter for alle barn og unge i Geilo IL, uavhengig av gruppetilhørighet. Hans positive væremåte og engasjement bidrar til idrettsglede for alle. Han har selv sin bakgrunn innen turn, med kongepokaler og OL-deltakelse.»

Prisutdeling i mars

Dei åtte nominerte kjem frå ulike klubbar i fylket, men Tore Lie er den einaste frå Hallingdal.

Prisen blir delt ut kvart år og er eit samarbeid mellom Drammens Tidende, Sparebanken Øst og Buskerud Idrettskrets. Vinnaren får 10.000 kroner, medan klubben deira får 5000 kroner.

Det går an å stemme på dei åtte kandidatane på nettsidene til Buskerud idrettskrets.

Prisen blir delt ut under Idrettens festaften 22. februar.