Margit Hølto vart nyleg tildelt æresmedlemskap i Hemsedal IL for innsatsen i trimgruppa.

Eldsjeler fekk æresprisar

Tore Tyribakken og Margit Hølto har over til saman over 50 år med frivillig arbeid for idretten til saman. No har dei vorte heidra.

Tore Tyribakken har fått æresmedlemskap i Hemsedal IL. Her i lag med leiar i langrennsgruppa, Stian Rygg.

Hemsedal idrettslag har utnemnd Tore Tyribakken og Margit Hølto til æresmedlemmer. Medlemskapen heng høgt og blir ikkje delt ut ofte, men dei to har fått tildelinga for sin mangeårige og spesielle innsats for idretten.

– Å bli æresmedlem er eit heidersprov som heng svært høgt i laget vårt. Heideren går til personar som har lagt ned ein spesiell stor frivillig innsats over lang tid – minimum 25 år. Begge våre nye æresmedlemmer lever opp til dei strenge kriteria med særs god margin, skriv idrettslaget i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tore Tyribakken får æresprisen for all innsatsen han har lagt ned i langrennsgruppa frå han kom til bygda på 70-talet. Mange kan takke veteranen for at dei har kunna gå på ski i gode løyper i ei årrekkje.

– Den innsatsen han har lagt ned i anlegg og løyper er idrettsfolk, bygdefolk og turistar til stor glede. Og Tore er like engasjert den dag i dag, heiter det i ei grunngjeving.

Margit Hølto har sidan 80-talet vore engasjert i det som tidlegare heitte Trimgruppa, men no blir kalla MOVE. Ho har hatt fleire verv i idrettslaget, og var med og starta trimgruppa i si tid. I grunngjevinga står det at ho har vore ein pådrivar og eldsjel for at trening og aktivitet skal vere eit lågterskeltilbod i bygda for alle grupper, og at ho er ei inspirasjonskjelde for mange.

Les også
Garnås fekk ti minutt på Åråsen
Les også
Brukar rutine i kampen om NM-tittel