Folkehelsekoordinator Bettina L. Efjestad dyttar i gang ordførar Tore Haraldset og Sykle til jobben-aksjonen.

Dyttar i gang sykkelaksjonen

Nesbyen-ordførar Tore Haraldset syklar til jobben - og er vorte ein skikkeleg sykkelfan.

– Eg har sykla omkring 3000 km dei to siste åra, smiler han under hjelmen.

Det er musikk i øyro til folkehelsekoordinator Bettina L. Efjestad. For ho har meldt Nesbyen kommune på i den landsomfattande Sykle til jobben-kampanjen som Norges bedriftsidrettsforbund står bak. Kampanjen blir sykla i gang utanfor Oslo Rådhus 19. mai og varer til 30. juni. Ein registrerer seg på nettet. Efjestad seier at kommunen har valt å gjere deltakinga gratis for alle innbyggjarar og alle tilsette i kommunen. Derfor er det berre å setje i gang og sykle. I så måte er ordførar Haraldset eit godt førebilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg syklar til kontoret i kommunehuset kvar dag. Då føler eg at eg får i gang kroppen, seier han.

– Noko for dei andre ordførarkollegane i Hallingdal?

– Absolutt. Eg vil utfordre dei til å gjere det same. Å sykle er ein god start på dagen.

Ordførar Tore Haraldset brukar sykkelen til og frå kontoret i kommunehuset. Han og folkehelsekoordinator Bettina L. Efjestad håpar at fleire nesningar vil gjere det same - slik som dei syklande skuleelevane som trillar forbi.

Ein kvardagsaktivitet

Bettina L. Efjestad seier at denne kampanjen ikkje berre handlar om sykling. All aktivitet er viktig, og dette er ein kampanje der alle kan vere med. Når folk syklar til jobben, til butikken eller til aktivitetar blir det også færre bilar på vegen. Det gjer det tryggare å ferdast langs vegane, og så er det miljøvennleg og godt for kropp og sjel, understrekar ho. Deltakarane kan konkurrere med seg sjølv eller andre, men kampanjen er i seg sjølv ingen konkurranse. Tanken med kampanjen er å stimulere til auka aktivitet, seier Efjestad.

Fekk betre pust

For ordførar Haraldset er sykkelen vorte meir enn ein tohjuling som han tråkkar på til og frå ordførarkontoret.

– Eg vil slå eit slag for elsykkelen, seier han.

Utan den veit han ikkje korleis det hadde gått med syklinga.

– Første gongen eg tråkka opp til Trytetjern måtte eg stoppe to gonger. No går det i eitt. Og så har eg pust når eg kjem opp. Turen tek 23 minutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gjer godt

Mens han tek på seg hjelmen, kjem ein gjeng med skuleelevar syklande forbi. Dei er flinke til å bruke sykkelen, kommenterer ordføraren.

– For meg er det vorte slik at eg også brukar sykkelen når eg skal på butikken. Og som ivrig fotograf hender det eg tek fotosekken på ryggen og syklar av garde. Eg kjem fram over alt med den. Syklinga har berre gjort meg godt, seier Tore Haraldset.