Sportsleg leiar i Hallingdal FK er uroa for konsekvensane at å ikkje opne breiddefotballen. - Det kan få store konsekvensar for oss både på kort og lengre sikt, seier Jan-Eirik «Jansen» Thorberg. (Foto: Caroline Utti)

– Det verkar som dei ikkje forstår konsekvensane

Sportsleg leiar i Hallingdal FK er uroa for konsekvensane av at breiddefotballen ikkje får trene normalt eller spele kampar.

Fotball: – Det verkar som dei som bestemmer ikkje forstår ringverknadene av å ikkje opne for oss, seier Jan-Eirik «Jansen» Thorberg, sportsleg leiar i Hallingdal FK.

Denne veka har det vore mykje diskusjon kring opning av barne- og breiddefotballen. Fyrst kom meldingane om at det ikkje blir vurdert gjenopning før 1. september. Så snudde regjeringa og opna opp for kampar for spelarar under 20 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har sendt e-post til kretsen og stilt spørsmålet om å opne for fullkontakttreningar, for å vere rusta til seriestart om dei skulle opne for det i september, seier Thorberg.

Mykje uvisse

Førebels er ikkje ei gjenopning på trappene for seniorfotball frå 3. divisjon og nedover for herrar og 2. divisjon og nedover for damer.

– Det er mykje frustrasjon rundt om kring no. Mest fordi me slit med å forstå logikken. Me håpar det blir lov å trene snart. Spelarane mistar ein sosial arena og noko å sjå fram til om me ikkje får i gang eit godt nok tilbod.

Les også
Jubel for fotballopning: - Me gler oss til kampar

Han er glad for meldingane som kom tidlegare i veka, om at spelarar til og med 19 år kan få spele kampar att frå 1. august.

– Det er veldig viktig for å hindre meir fråfall i desse aldersgruppene. Me har merka det også i HFK. Me har bra treningsøkter, men me har merka fråfall. Me har spelarar som har gitt seg i vår, som nok ikkje hadde gjort det om tilbodet var som vanleg. Mellom anna er det ikkje nok spelarar til eit fjerdedivisjonslag for damene i år, og me ser at breidda blir mindre.

Manglar utviklingsarena

Jansen er samd i mykje av det dei kjende fotballprofilane har sagt i riksmedia denne veka. Der har fleire uttrykt bekymring for konsekvensane av om fotballen ikkje snart opnar opp for breidda i Norge.

Les også
- Har vore ein tøff vår for klubben

HFK-trenaren er uroa for framtida til dei yngre talenta i distrikta, som har breiddefotballen som sin utviklingsarena.

– Me har spelarar som er 17-18-19 år som har fjerdedivisjonslaget som ein utviklingsarena. Når desse mistar eit år med god matching så mistar dei verdifull trening. Dei konkurrerer med spelarar som er heldige og er i ein klubb med eliteserie eller obosligalag, som har vore i full trening i lang tid. Det er kritisk for desse ungdommane, seier Thorberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skeptisk til reising

Assisterande direktør i Folkehelseinstituttet Espen Nakstad har forklart avgjerda om å ikkje opne opp breiddefotballen i fleire intervju denne veka:

– Det å opne breiddefotballen for fullt, med kampar og turneringar medfører også reiseaktivitet. At ein står i kiosk-kø og at ein er samla fleire i publikum. Nå har me også ei grense på 200 personar per arrangement. Alt dette vil til saman auke kontakten mellom folk ganske mykje, og det er dét som er problemet. Ikkje taklingar og kontakt på fotballbanen, sa Nakstad til VG.

Les også
Korleis er framtida for barneidretten?

Thorberg håpar regjeringa vil sjå på saka på nytt, og vurdere å endre retningslinene.

– Eg er veldig fornøgd med korleis koronasituasjonen har vorte handtert i Norge elles. Eg forstår og respekterer argumenta om meir reising i samband med kampar. Men det må gå an å sjå på retningslinene rundt treningar på nytt og ta ei vurdering på om seniorane kan få trene som normalt. Det tærer på tolmodet no.

Les også
Klar for historisk sein seriestart: - Spent på korleis me taklar tett kampprogram
Les også
Nærmar seg seriestart: - Kjem aldri til å ta fotballen for gitt igjen
Les også
Slik trenar HFK-spelarane