annonse

Det vart ein thriller mellom skulane om å vinne samanlagt

Vann
Vann: August Østdal Gulsvik vann sekstimeter for gutane i tiandeklasse, og fekk også bestemannspremien på gutesida ... (Foto: Mona N. Stensvold)
Mange
Mange: Felles oppvarming og gjennomgang av løypa før stafetten. (Foto: Mona N. Stensvold)
Spente
Spente: – Me må berre springe alt me kan, sa Tonje Tveito før ho og Tuva Jorde skulle springe stafett for Ål. (Foto: Mona N. Stensvold)
Plan
Plan: Elvar frå Ål førebur stafetten og legg ein siste slagplan. (Foto: Mona N. Stensvold)
Taktikk
Taktikk: Lærar Stein Erik Horn Solheim oppsummerer dagen og legg stafettplan i lag med Elias Løstegård Gilen, Elias Medgard Skår, Vegard Turlid, Kacper Zokowski, Tarals Kaslegard Nordal og Torbjørn Haug. (Foto: Mona N. Stensvold)
Jubel
Jubel: Kristin Nicholson Torsteinsrud spring ålingane inn til siger på jentestafetten. (Foto: Mona N. Stensvold)
Moro
Moro: Celine Sivertsen, Maren Rolland Johansen, Ingrid Tørrisplass, Sandra Huløen Teigen og Marit Nordhagen hadde mykje moro på Hallingmo. (Foto: Mona N. Stensvold)
Vann
Vann: Patrycja Julia Pychyrek var nøgd med sigeren i høgde. (Foto: Mona N. Stensvold)
Over
Over: Patrycja Julia Pychyrek vann høgdekonkurransar for jenter i åttandeklasse. (Foto: Mona N. Stensvold)
Spente
Spente: Julia Langehaug Levorsen, Celine Sivertsen, Maren Rolland Johansen, Ingrid Tørrisplass, Sandra Huløen Teigen og Marit Nordhagen var spent før dei siste øvingane. (Foto: Mona N. Stensvold)
Spent
Spent: Julia Langehaug Levorsen gjekk over lista med god margin. (Foto: Mona N. Stensvold)
Jubel
Jubel: Tuva Jorde var med og springe ålingane inn til siger på jentestafetten. (Foto: Mona N. Stensvold)
Jubel
Jubel: Elevane frå Ål feirar stafettsiger for jentene. (Foto: Mona N. Stensvold)

Elevane frå Gol tok flest poeng då ungdomsskoleelevane møttest til Hallingdalsleikane i friidrett.

Mona N. Stensvold

Friidrett: I septembersola vart det konkurrert i fleire friidrettsøvingar på Hallingmo fredag.

På programmet var både lengde, høgde, 60-meter og kastøvingar. I dei årvisse leikane møtest elevar frå alle ungdomsskulane i dalen. I løpet av dagen blir det delt ut medaljar i alle øvingar, og til slutt blir det kåra beste skule og delt ut bestemannspremiar til beste gut og beste jente rekna ut frå ein eigen poengtabell.

Moro

– Me har vore med på høgde, kule, 60-meter. Og så er det stafett, fortalde ein jentegjeng frå Nes. Ingrid Tørrisplass og Julia Langehaug Levorsen har nett gjort seg ferdig med høgdekonkurransen for jentene i åttandeklasse.

– Me hadde ikkje øvd så mykje, så det gjekk heilt greitt, oppsummerte dei.

Maren Rolland Johansen, Celine Sivertsen og Marit Nordhagen har vore tilskodarar og heia på klassevenninnene. Ingen av dei driv med friidrett til vanleg, men hadde sett seg klare mål før leikane.

– Det er viktigast å slå golingane. Me har ein liten internkrig om å vere best. Det har alltid vore litt konkurranse, seier dei.

– Innimellom konkurransane pratar me med andre, går i kiosken, spelar Twister eller pratar med andre. Det er kjekt.

Fornøgd

Patrycja Julia Pychyrek frå Hemsedal hadde øvd litt på høgde tidlegare i haust. Ho gjekk over 1,30 som einaste jente i åttandeklasse, og vann.

– Eg øvde litt på onsdag, men i går hadde eg vondt i kroppen etter treninga. I dag var eg heldigvis betre og klarte det bra. Eg var litt overraska over at eg vann, men det var veldig kjekt.

Høgdesigeren gav meirsmak.

– Eg har ikkje drive så mykje med friidrett før. Men no som eg gjorde det så bra i høgde så kanskje eg fortsett med det, sa ho.

Kamp

Før dei avsluttande stafettane var det tett i kampen om å vinne samanlagt.

Nes leia så vidt, dei var 4,5 poeng føre Gol, og alt var ope. Før stafetten var Tuva Jorde og Tonje Tveito på ålingslaget spent. Ambisjonane var å slå naboane.

– Eg må berre gi alt eg har og springe så fort det går, sa Tveito.

Det held til siger for ålingsjentene, som slo Gol hårfint. Nes tok tredjeplassen. På gutane sin stafett vart det siger til Gol føre Nes, med Hemsedal på tredjeplass. Det førte til at Gol vart beste skule med 330,5 poeng. Det var 2,5 poeng føre Nes, som stoppa på 327 poeng.

Bestemannspremiane gjekk til Kristin Nicholson Torsteinsrud frå Ål og August Østdal Gulsvik frå Nes.

annonse