Bjørnar Stensrud Tyribakken, Marte Mikkelsplass og Vegard Myklemyr tok medaljar i KM i helga.
Bjørnar Stensrud Tyribakken, Marte Mikkelsplass og Vegard Myklemyr tok medaljar i KM i helga.

Desse tok KM-medaljar i langrenn

Brommaløparane hadde ei god helg i kretsmeisterskapen i langrenn.

Langrenn: I helga vart det kåra kretsmeistrar i samband med Ringkollrennet.

Laurdag var det fristilsrenn på programmet. Der gjorde fleire hallingar gode løp. I m19-20 år vart Bjørnar Stensrud Tyribakken kretsmeister.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vann 20 sekund føre Albert Sunde Øhlschlägel (Sjåstad/Vestre Lier).

På pallen

I 17-årsklassen vart Marte Mikkelsplass nummer to, halvminuttet etter vinnaren.

Kasper Andersson Herland gjekk eit godt løp i 18-årsklassen.

I mål var han berre fire sekund etter Martin Kirkeberg Mørk (Drammen). I seniorklassen vart Vegard Myklemyr (Bromma) nummer tre.

Går i NM

Kristen Mikkelsplass var fyrste herreløpar i distansecupen som ikkje vart teken ut til junior-VM i Lahti.

Etter solide renn i norgescupen på Konnerud tidlegare i januar ligg han på sjuandeplass i cupen. Dei ti beste får gå senior-NM i Meråker, som går denne veka. Mikkelsplass går difor opningsdistansen, 15 km klassisk torsdag. Sundag skal han også i aksjon, då går han stafett i lag med Vegard Myklemyr, Kristen Mikkelsplass og Bjørnar Stensrud Tyribakken.