Pål Golberg er av dei som kjempar om VM-billett under NM i Meråker.
Pål Golberg er av dei som kjempar om VM-billett under NM i Meråker.

Derfor er NM avgjerande for Golberg

NM i langrenn er rekna som den siste viktige formtesten før uttaket til Ski-VM i Seefeld.

Langrenn: Torsdag startar fyrste del av NM i langrenn.

På programmet står 10 og 15 km klassisk, sprint i fristil, skiatlon og stafettar. Meisterskapen i Meråker er viktig for langrennsløparane med ambisjon om plass i den norske VM-troppen. Det er også ei god moglegheit til å vise seg fram, for dei som normalt ikkje kjempar mot verdseliten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spennande helg

Fleire hallingar er påmeldt. Av desse er det knytt størst forventningar til Pål Golberg.

Landslagsløparen var på pallen i sprinten i Otepää for halvannan veke sidan. Der vart han nummer tre etter Johannes Høsflot Klæbo og Alexander Bolshunov (Russland).

Dei fire VM-plassane i sprint er ikkje delt ut, men det er tett kamp om dei. Golberg er av dei som har ambisjonar om ein VM- billett, og eit godt NM-løp kan bli avgjerande for det endelege uttaket. Han går ikkje opningsdistansen torsdag, men er påmeldt til sprinten og skiathlon (fellesstart med skibyte) dagen etter.

På kvinnesida er Emilie Fleten einaste lokale deltakar. Ho har likevel hevda seg godt i norgescupen i vinter, og fått to verdscupmoglegheiter. Hennar beste sjansar er på 10 km klassisk og fellesstart med skibyte.

I fjor var det rekordmange hallinglag på start i herrestafetten. Det er det også i år. Både Bromma, Gol og Hemsedal stiller lag, og kjempar om å vere beste NM-lag i dalen.

Desse er påmeldt frå Hallingdal:

15 km klassisk: Kjetil André Bjerkrheim, Nesbyen/Team Hallingdal, Emil Intelhus Brøto, Gol/Team Hallingdal, Vegard Myklemyr, Bromma, Kristen Mikkelsplass, Bromma, Trym Halbjørhus Fikke, Hemsedal/Team Hallingdal, Knut Skrindo, Gol/Team Hallingdal.

Sprint, friteknikk: Pål Golberg, Gol, Kjetil André Bjerkrheim, Nesbyen/Team Hallingdal, Emil Intelhus Brøto, Gol/Team Hallingdal, Vegard Myklemyr, Bromma, Trym Fikke Halbjørhus, Hemsedal/Team Hallingdal.

15+15 km Skiathlon: Pål Golberg, Gol. Kjetil André Bjerkrheim, Nesbyen/Team Hallingdal, Emil Intelhus Brøto, Gol/Team Hallingdal, Vegard Myklemyr, Bromma, Trym Halbjørhus Fikke, Hemsedal/Team Hallingdal, Knut Skrindo, Gol/Team Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

10 km klassisk: Emilie Fleten, Gol/Team Veidekke Innlandet

Sprint, friteknikk: Emilie Fleten, Gol/Team Veidekke Innlandet

10–10 km, Skiathlon: Emilie Fleten, Gol/Team Veidekke Innlandet

Stafett, herrar: Bromma, Gol, Hemsedal