Carl Yngvar Christensen har verdsrekord i styrkeløft, sett under EM i Bulgaria tidlegare i år.
Carl Yngvar Christensen har verdsrekord i styrkeløft, sett under EM i Bulgaria tidlegare i år.

Dei sterkaste kjem til Gol

I slutten av veka skal norgeseliten i styrkelyft kjempe om NM-medaljane.

Det skjer på Gol, nærare sagt på Storefjell.

Til no er 130 deltakarar påmeldt til meisterskapen på Gol. Styrkelyft er ein idrett der utøvarane skal utføre knebøy, benkpress og marklyft i ein gitt rekkjefølgje. Eitt av tre forsøk i kvar øving må vere godkjend for å få resultat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen lokale klubbar har deltakarar i meisterskapen, men fleire landslagsutøvarar kjem til Gol.

Mellom anna kjem medaljevinnarar frå EM, både på dame- og herresida. Ein av dei største favorittane er Carl Yngvar Christensen frå Elverum. Han sette nyleg verdsrekord med 1200kg under EM i Bulgaria. Det sikra han EM-tittelen. Også Marte Elverum frå Stjørdal som tok sølv i Sofia står på lista over påmelde. Meisterskapen startar med fleire av dameklassane alt torsdag. Gjennom helga skal dei kjempe i dei ulike øvingane før meisterskapen blir avslutta laurdag. Arrangør er Norges styrkeløftforbund, i lag med Askim SK, Brummundal AK og Oslo SK. I samband med meisterskapen feirar også forbundet 40 år.