Stian Kleivdal har hatt ein god sesong i verdscupen.
Stian Kleivdal har hatt ein god sesong i verdscupen.

Dei kjempar om X-Gamesplass

To hallingar er klare for X-Gameskvalifiseringa i Hafjell til helga.

Snøbrett/freeski: X-Games er den store draumen for mange ski- og brettkøyrarar.

Dei siste åra har ekstremsportkonkurransen også vorte halden i Norge, og berre dei beste i verda blir invitert til å delta. Men det finst ein sjanse til å kvalifisere seg til deltaking. Den konkurransen går laurdag i Hafjell. Der køyrer ski- og brettkøyrarar frå Norge og Sverige bigairkonkurranse. Vinnarane på ski og brett får delta i X-Games i Telenor Arena seinare i år. På lista over deltakarar finn ein landslagskøyrar, Stian Kleivdal frå Geilo. Brettkøyraren har hatt sin beste sesong som senior i vinter. Mellom fleire gode resultat er pallplassen i verdscupkonkurransen i Seiser Alm eit høgdepunkt. Det sikra han også deltaking i VM sist veke. Der bles bigairkonkurransen bort, men geilingen køyrde kvalifisering i slopestyle og vart nummer 27. No får han sjansen til å gjenta bedrifta frå to år tilbake, då han vann konkurransen i Hafjell og seinare fekk køyre X-Games same stad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjendisdommarar

I tillegg får Mikkel Kaupang sjansen i freeskikonkurransen.

Geilingen har fått prøve seg i verdscupen fleire gonger i vinter, og er å rekne som outsider i eit tøft beite med norske og svenske landslagskøyrarar.

Tidlegare og noverande landslagskøyrarar er dommarar i konkurransen. Marcus Kleveland, Andreas Ygre Wiik og Fredrik Austbø dømmer brettkøyrarane og Andreas Håtveit, Felix Usterud og PK Hunder dømmer skikøyrarane.

Stian Kleivdal har hatt ein god sesong i verdscupen.
Stian Kleivdal har hatt ein god sesong i verdscupen.
Mikkel Brusletto Kaupang debuterte i verdscupen i Stubai tidlegare i vinter.
Mikkel Brusletto Kaupang debuterte i verdscupen i Stubai tidlegare i vinter.

Desse stiller:

Snøbrett: Stian Kleivdal NOR, Sindre Tveiten NOR, Mathias Eckhoff NOR, Emil André Ulsletten NOR, Anthon Bosch SWE, Jesper Landmark SWE

Ski: Sebastian Schjerve NOR, Ulrik Samnøy NOR, Eirik Sæterøy NOR, Tormod Frostad NOR, Mikkel Kaupang NOR, Oliwer Magnusson SWE, Hugo Burvall SWE