Ål fotballklubb inviterte for 3. året på rad jenter mellom seks og 15 år til å spele fotball. Thea Trilhus drillar ivrig.
Ål fotballklubb inviterte for 3. året på rad jenter mellom seks og 15 år til å spele fotball. Thea Trilhus drillar ivrig.

Då jentene var sjef på banen

Gutane fekk ikkje lov å vere med då over hundre jenter fekk prøve seg på fotballbanen laurdag.

For tredje året på rad vart jenter mellom seks og 15 år invitert til å spele fotball på ein heilt eigen jentefotball-dag i Ål. Sundag strøymde det på med jenter til Bråta fotballanlegg. «Alle jenter på banen» er eit samarbeid med Buskerud Fotballkrets. Ål er ein av nokre få utvalde ambassadørklubbar i fylket.

– Dette er leik og moro berre for jenter, smilte jenteansvarleg i fotballgruppa, Veronica Bæra og inviterte til oppvarming med Inga Dekko og Mari Svendsgård.

Artikkelen held fram under annonsen.

jenteoppvarming

Det er her jenter er jenter. Rytmisk musikk og danse-røynsle er noko som sit i blodet. Dei kasta seg straks ut i oppvarminga, instruert av danseglade instruktørar. Dei få gutane, som var fotballinstruktørar for høvet, stod bom still under heile oppvarminga. At jenteoppvarming er litt forskjellig frå gute-oppvarming, det er ikkje å kome ifrå. Då var det godt for jentene å vere i fleirtal og verkeleg få dansa musklane varme. Vel, eit og anna dansetrinn var det kanskje å sjå på gutane, slik mest for fleip, sjølv om me mistenker at dei gjerne skulle kasta seg ut i oppvarminga dei med.

Mange nye

– I år har me invitert Geilo til å vere med også. Eg trur det er 25 jenter derifrå, fortel Bæra. Dei er godt nøgd med prosjektet, som veks seg større for kvart år.

– Me har auka jentedelen i fotballen. No er me om lag halvparten jenter som speler fotball i Ål, fortel ho. No har dei også nett starta opp for dei eldste barnehageungane ein ettermiddag i veka.

Emilie Istad med proff haldning.
Emilie Istad med proff haldning.
Bernt Ivar Hjelmsø demonstrerte keeper-manøver.
Bernt Ivar Hjelmsø demonstrerte keeper-manøver.
Og jenteoppvarming er nok litt forskjellig frå gutteoppvarming. Det er ikkje å kome ifrå.
Og jenteoppvarming er nok litt forskjellig frå gutteoppvarming. Det er ikkje å kome ifrå.
Loori Kens har ikkje spelt fotball så lenge, men prøvde seg og i mål.
Loori Kens har ikkje spelt fotball så lenge, men prøvde seg og i mål.
Jentene var ivrige, her ser me Malin H. Trilhus drible.
Jentene var ivrige, her ser me Malin H. Trilhus drible.
Alle fekk ein halvtime med oppvarming før fotballdagen starta.
Alle fekk ein halvtime med oppvarming før fotballdagen starta.

– Me har ein gjeng på 15–16 ungar på trening kvar tysdag. Ballen når dei til knea, men dette er berre leik og moro, smiler ho.

Fotballgruppa er aktiv. Og dagar som dette med mildt vær, solgløtt og glade jenter på fotballtrening, er noko dei ser fram mot.

– Nokre av dei minste har nok aldri teke i ein ball før heller. Det er artig å sjå at det er nye her i dag, blant dei eldste også, legg Bæra til.

Jentedag

Alle jentene som er med får såkalla «goodie-bags», lunsj og gratis undervisning. Arrangørane har fått støtte av lokalt næringsliv, så det blir mange glade – og slitne – jenter når dagen er omme.

Emilie Istad (6) frå Ål står karsleg med eine foten på ballen og ventar på å starte. Elin Hjelmsø og Siv Hanne Søla har kontroll på ein gruppe småjenter som er svært ivrige, om dei ikkje blir distrahert så.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Høyr kyrkjeklokkene. No er det nokon som gifter seg, konfirmerer seg eller blir daud, seier Mari Helle Trilhus og driblar ballen over mot Emilie.

Thea Trilhus, Linea S. Gundersen, Julie Skrindo Thon og Guro Espelid føljer nøye med når Nils Egil Vedvik kjem inn og instruerer ein ny aktivitet. Ei stund i alle fall. Men føtene spring ivrig når dei får lov. Eller dei stopper og «eller» litt; Anne på landet, tissa i spannet, lyd det.

Nysgjerrige

– Kva er dette tru. Dei små svarte kulene? spør Emilie Istad trenaren. Ho har fått auge på noko spennande nedi grasmatta. Vedvik tek seg tid til å forklare korleis kunstgrasbana fungerer.

– Men ikkje ta det med deg heim i vaskemaskina. Då trur eg ikkje mora din blir glad, humrar han.

Nytt av året er keepertrening. Og dei største jentene er med først. Bernt Ivar Hjelmsø er keepertrenar og hiv seg mot ballen for å demonstrere. Så han ligg langflat. Loori Kens (13) har nett starta spele, men gjer ein iherdig innsats framfor målet. Suzan Karim og dei andre følgjer opp. Dei får alle prøve å liggje langflate etter ballen. Men like blide er dei. Dette er gøy.