Vetle Sjåstad Christiansen gjekk suverent på sin etappe då Norge vann suverent i Canmore.
Vetle Sjåstad Christiansen gjekk suverent på sin etappe då Norge vann suverent i Canmore.

Christiansen i praktslag

Den norske dominansen i skiskyting på canadisk snø held fram.

Og ein av dei som har treft med formen, er Vetle Sjåstad Christiansen.

Torsdag vart Geilo-løparen nummer to på normalprogrammet. Fredag gjekk han ein gnistrande etappe då Norge var fullstendig overlegne i Canmore. Christiansen fekk klappet på skuldra av Lars Helge Birkeland likt med Frankrike. Dei to laga følgde kvarandre tett til og med siste skyting. Men så Christiansen inn sjettegiret og knuste franskmannen inn mot veksling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er artig å sjå. Vetle ar verkeleg fått fart på skia. Fantastisk bra, sa NRKs ekspertkommentator, Ola Lunde.

Fantastisk bra gjekk også resten av laget. Erlend Bjøntegaard heldt på leiinga på tredje etappe og kunne sende Johannes Thingnes Bø ut først. Han gjorde ingen feil på ankeretappen, og Norge vann føre Frankrike og Russland i utklassingsstil. Laurdag er det sprint. Etter resultata så langt i Canmore blir ingen overraska om Bø held fram på vinnarsporet – og med ein geiling like bak.